Relatert innhald
Stod att utan poeng
Os-damene hadde ikkje tapt heime sidan kampen mot Lyngbø i starten av april.
Det starta godt mot Førde i helga, då Lenea Fløysand gav Os leiinga etter 12 minutt.
Lenea Fløysand gav Os leiinga heime mot Førde. Hordalandsfotball Men i andreomgang snudde Førde kampen og Os tapte 1–2.
Med det ligg Os midt på tabellen før fredagens oppgjer mot Sotra – også den kampen er på heimebane.
Sommarferie ventar etter det oppgjeret, og damene skal ikkje i sving igjen før midt i august.
Bomma på straffespark – gjorde det godt igjen
I helga reiste Os A-lag til Oslo for å møta Lyn 2. Det blei til slutt eit målrikt oppgjer på Austlandet.
Bomma på straffe: Daniel Kvalvågnes svikta frå ellevemeteren, før han seinare leverte tre målgjevande pasningar. Bjorn AAGE MARSTROM Henrik Sperrevik kombinerte fint med Sebastian Plätzer til 0–1 etter 15 minutt spelt. Berre tre minutt etter utlikna heimelaget.
Daniel Kvalvågnes fekk sjansen til å gje Os leiinga igjen på straffespark, men keeper var kjapt nede og fekk stoppa forsøket.
I staden var det bortelaget som tok leiinga, etter at Vegard Leikvoll Moberg blei runda på hjørnet av 16-meteren, og markeringa glapp inne i feltet.
Så ville Kvalvågnes gjera opp for straffebommen. Først hælsparka han til Plätzer som skåra sitt andre for dagen. Tomålsskåraren var sentral då Os tok leiinga. Han snappa ballen utanfor 16-meteren til Os og fann så innbytar Håvard Vatland Karlsen som var sikker.
Feira fint. Bjorn AAGE MARSTROM Kvalvågnes hadde eit par målgjevande til i seg denne dagen. Først med ein nydeleg langpasning, som fann spisskollega Karlsen. Han gjorde ingen feil aleine med keeper. Heilt på tampen kom Os på kontring og Kvalvågnes fann Buan inne framfor mål, og han fastsette resultatet til 2–5.
Debuterte med heimesiger
Torsdag og fredag førre veke var det hektisk møteverksemd i klubblokala til Lysekloster. Der sa klubben farvel til trenarane Ruben Hetlevik og Øyvind Nordtveit. Inn kom Tommy og Kjetil Knarvik.
Søndag leia dei laget for første gong, då Arendal kom på besøk på Lysekloster Sporty Arena.
Bortelaget fekk tidleg ein mann utvist, og måtte spela 75 minutt med ein mann mindre.
Tommel opp: Tre poeng for Tommy og Kjetil Knarvik i deira første kamp som trenarar for Lysekloster IL. John Vint Ei avslutning frå Jacob Bolsø, via keeper og i mål, gav heimelaget leiinga etter 39 minutt.
Jonas Vågen auka for munkane etter 51 minutt spelt, med ei flott avslutning i lengste hjørnet.
På tampen gav Lysekloster bort eit straffespark, og reduseringa var eit faktum, men kampen enda med 2–1-siger.
Lysekloster klatra med det over nedrykksstreken.
Ferje innstilt
Avvik frå rutetid grunna tekniske årsaker, skriv Torghatten Nord på heimesida si.
Innstillinga gjeld avgang frå Halhjem til Sandvikvåg klokka 09.20 og frå Sandvikvåg til Halhjem klokka 10.10
Skjermdump frå Torghatten Nord si heimeside. Stoppa på Osøyro. Etterlyst i Sverige
I 20-tida fredag stoppa politipatruljen eit køyretøy på Osøyro. Førar av bilen, ein mann i 20-åra, var etterlyst i Sverige og vart difor pågripen og sett i varetekt i påvente av Bergen tingrett si vurdering kring utlevering til Sverige, opplyser politiet i Bjørnafjorden og Austevoll i ein e-post til avisa.
Mann i kvit T-skjorte midt i vegen
Torsdag kveld kl. 23.11 fekk politiet melding om ein mann som gjekk i midt i vegen i 50-sona i Mobergssvingane.
Då melder ikkje såg han lenger, og det ikkje kom fleire meldingar, vart det ikkje sendt patrulje.
Mannen skal ha vore om lag 30 år og hadde på seg ei kvit T-skjorte.
Mista kontrollen i rundkøyring
Kl. 23.17 torsdag kveld kom det melding frå Industrivegen om stygg køyring av ein bil som mista kontrollen i ei rundkøyring. Vedkomande skal ha hatt høg fart og var nær på å krasja.
Oppdraget vart avslutta med "ikkje kapasitet".
I 60 km/t i 100-sona
Nordover: Bilen skal ha vore på veg nordover, gjennom Lyshorntunnelen, då andre trafikantar reagerte på køyringa. Benjamin Søgnen Olsen Søndag skal ein bil på "søndagstur" ha blitt lagt merke til av andre trafikantar. Politiet fekk melding om vinglete køyring, og at bilen berre køyre i 60 km/t i 100-sona gjennom Lyshorntunnelen.
Bilen skal ha vore på veg nordover.
I ei melding til avisa opplyser politiet at patruljen rykte ut og la merke til at føraren køyrde sakte, men elles framstod alt greitt.
Gut meld for forulemping av offentleg tenesteperson
Laurdag kveld i 19-tida, fekk politiet melding om ein svært rusa ungdom under 18 år i Os sentrum.
– Då politiet kom gjorde vedkomande seg vanskeleg og utagerte. Han blei etter dette meld for forulemping av offentleg tenesteperson (politi), skriv politibetjent Marita Frotveit i ei melding til avisa.
Båtførar mangla førarbevis
Politibåten stansa ein ungdom ute i båt laurdag ettermiddag. Føraren var ifølgje politiet ein gut under 18 år, som ikkje hadde førarbevis. Politiet opplyser at han fekk pålegg om ikkje å køyra båt igjen før han hadde teke førarprøve. I tillegg fekk vedkomande eit førelegg etter hendinga.
Poengdeling i Rogaland
Lysekloster var på tur til Rogaland i helga. I borteoppgjeret mot Sandnes Ulf fekk dei med seg eitt poeng.
I sosiale medium skriv klubben at det var fortent, og at dei reiser heim med hovudet heva.
Klubben ligg på 13. plass etter poengdelinga. Neste kamp går heime på Lysekloster Sporty Arena laurdag 31. mai mot Notodden.
Varslar streik frå morgonen 28. mai
Fagforbundet har i ettermiddag varsla KS og dei råka kommunane om eit eventuelt streikeuttak.
Det opplyser Fagforbundet Vestland i ei pressemelding.
Det er varsla at heile 8.700 medlemmer kan bli tekne ut i streik i kommuneoppgjeret.
Totalt er det tale om uttak av 838 medlemmer i Vestland i denne omgang.
Desse er fordelt slik på dei ulike kommunane:
Bergen kommune – 328
Øygarden kommune – 85
Kinn kommune – 83
Sunnfjord kommune – 37
Voss herad – 36
Årdal kommune – 46
Bjørnafjorden kommune – 39
Alver kommune – 42
Askøy kommune – 31
Kvinnherad kommune – 30
Stord kommune – 41
Ullensvang kommune – 40
Stumpa sigarett i tørr potteplante
Det skal ha vore eit mindre branntilløp på ei adresse i Os onsdag kveld.
Politiet opplyser at 110-sentralen melde at dei hadde rykt ut til ei adresse. Der skal det ha blitt stumpa ein sigarett i ein tørr potteplante.
– Dette førte til eit mindre branntilløp som igjen hadde spreia seg til terrassen. Om lag eit par kvadratmeter av terrassen blei påført brannskader. Brannen blei sløkt etter kort tid. Ingen skade på personar. Politiet har avhøyrd mistenkte og sak vert oppretta, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.
Trugande person på døra
Laurdag kveld i 23-tida fekk politiet melding om ein trugande person som var på døra til nokon.
Vedkomande skal etter kvart ha gått frå staden og det skal dermed ikkje ha vore behov for assistanse frå politiet.
Dei fornærma i saka skal ifølgje politiet vurdera å melda forholdet i ettertid.
Feststøy: Meldar blei beden om å gripa inn sjølv
Først skal politiet ha fått klager på feststøy frå ein båt ved Os hamn i 18-tida på 17. mai. Då skal ikkje politiet ha hatt kapasitet til å rykkja ut.
Nokre timar seinare, etter at klokka bikka midnatt, kom det ny melding på same båt med same problemstilling.
– Politiet hadde framleis ikkje kapasitet til å rykkja ut, og meldar blei beden om å forsøka å be dei skru ned musikken sjølv, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.
Stoppa klokka 04.00 i Industrivegen
Ein mann i 40-åra frå Bergen er meldt og mista førarkortet etter å ha blitt stoppa av politiet natt til 17. mai.
Politiet opplyser å ha stansa mannen i ein bil i Industrivegen i 04.00-tida. Førar skal så ha blåst raudt, og blei teken med til legevakt for utvida blodprøve.
Fann pose med kvitt pulver
Ein person er meld av politiet etter at vedkomande blei ransaka i Os sentrum.
Politiet skal ha gjort funn av ein pose med kvitt pulver på personen. Bakgrunnen for kontrollen skal ha vore at vedkomande var rusa og drakk øl i sentrum.
Halhjem–Sandvikvåg: C-avgangen startar opp igjen
Klokka 17.20 la Torghatten ut melding på nettsida si om at delar av sambandet (rute C) på ferjestrekka Halhjem–Sandvikvåg er innstilt på grunn av tekniske årsaker.
Kort tid seinare vart det opplyst avgangen skal vera i rute igjen frå klokka 19.
Ferjeruter innstilt på 17. mai
Fjord1 melder om endringar på sambandet Hatvik-Venjaneset 17. mai.
Siste tur frå Venjaneset kl. 23 og frå Hatvik kl. 23.20 vert innstilt.
Stoppa ikkje ved stopp-skilt
Torsdag ettermiddag hadde UP trafikkontroll i Lepsøykrysset.
Tre førarar fekk førelegg for ikkje å ha stansa ved stopp-skiltet i krysset.