Relatert innhald
Mangla forsikring og EU-kontroll
Mandag ettermiddag kontrollerte politipatruljen eit køyretøy på Byvegen. Bilen var begjært avskilta på grunn av manglande EU-kontroll og manglande forsikring. Politiet oppretta sak og tok skilta. Føraren var ein mann i 30-åra.
Hund og eigar saman igjen
Søndag kveld i halv sju-tida fekk politiet melding frå Solstrandvegen om ein sakna hund. Mindre enn to timar seinare vart hunden gjenforeint med eigaren.
Avskilta bil i Os sentrum
Søndag kveld avskilta politipatruljen eit køyretøy i Os sentrum. Årsaka var manglande EU-kontroll. Skilta vart tekne og sende til Statens vegvesen.
Fullt på "byen" påskeaftan
Politiet opplyser å ha brukt tid i Os sentrum på påskeaftan.
– Vi var til stades lenge for å førebyggja, skriv politibetjent Marita Frotveit i ein e-post.
Vidare skriv ho at det var mykje folk ute på nattelivet.
– Vi er per nå ikkje kjende med at det har vore nokre hendingar i samband med utelivet, skriv Frotveit.
Stoppa bil med sota vindauge
Kring klokka 23.20 laurdag kveld, stoppa politiet ein bil i Os sentrum.
– Han hadde ulovlege, sota vindauge framme og fekk pålegg om å retta dette, opplyser politibetjent Marita Frotveit.
Ukjent mistenkt etter bosskasting
Fredag ettermiddag blei politiet meld om forsøpling på Søfteland.
Boss, forsøpling, forureining. Langedalen. Benjamin Søgnen Olsen Politibetjent Marita Frotveit skriv i ein e-post at politiet ikkje har nokon mistenkte, og at saka er vidareformidla til kommunen.
Os & Fusaposten har fått tips om at "Svinestien" nok ein gong er tilgrisa.
Hamna i autovernet
Ein bilførar melde laurdag morgon frå om at vedkomande hadde hamna i autovernet på Holmefjord.
– Årsaka skal ha vore at føraren måtte svinga unna ein hjort. Politiet var ikkje på staden. Det er ikkje meld om personskade, men bilen vart taua bort, opplyser politistasjonssjef Terje Sperrevik.
— Spyttetest gav utslag på narkotika
Natt til søndag stoppa politiet ein bil i Os nord. Ein spyttetest på førar, ein mann i 20-åra, skal ha gitt utslag på narkotika.
— Det var mistanke om låg omrekna promille, så førarkortet blei ikkje beslaglagt, men det blei oppretta sak på forholdet og førarkortet kan bli beslaglagt basert på resultat av blodprøver, opplyser politiet.
Målt til 70 i 50-sona
Fredag i 11-tida hadde UP laserkontroll i Ulvenvegen i begge retningar i 50-sona.
Det resulterte i fire forenkla førelegg. Høgaste målte fart var 70 km/t.
Varsla føresette etter kontroll i Industrivegen
Torsdag mellom kl. 11.30 og 12.05 gjennomførte UP ein laser- og ådferdskontroll i Industrivegen.
Ein lett motorsykkel vart målt til 63 km/t i 50-sona. Føresette er varsla og det vart skrive ut eit forenkla førelegg.
18-åring fekk skiltgebyr
Torsdag føremiddag stansa UP ein lett motorsykkel på Nore Neset. Motorsykkelen hadde ein vinkel på skiltet som ikkje er innanfor dei krav som er sett.
Den 18 år gamle føraren vart ilagt eit gebyr for feil på kjennemerke, og ei melding om teknisk kontroll ved Statens vegvesen.
Fyrverkeri ved Nore Neset arena
Onsdag kveld i sjutida fekk politiet melding om at det var skote opp fyrverkeri i området ved Nore Neset arena.
Dette skal vera eit gjentakande problem.
Ingen operative tiltak frå politiet.
Bil i stolpe på Gudridflaten
Onsdag ettermiddag fekk politipatruljen melding "via via" om ein bil som hadde køyrt i ein stolpe ved ein parkeringsplass i området Gudriflaten.
Det vart ikke gjort noko opp mot hendinga frå politiets side.
Stolpen skal ikkje vera skadd, men det er meldt at bilen hadde skadar på sida.
Den aktuelle bilen skal ikke høyra til i Bjørnafjorden, og det er ukjent kven som var førar.
Mista førarkortet på Halhjemsvegen
Onsdag frå kl. 12.40 – 14.35 gjennomførte UP ein laser- og åtferdskontroll i 80-sona på Halhjemsvegen i retning Halhjem.
Det vart skrive ut 15 forenkla førelegg der høgste fart vart målt til 104 km/t.
Det var likevel ein annan førar som sette "fartsrekorden" og dermed både vart meld og mista førarkortet. Vedkomande vart målt til 116 km/t.
Sjekka utanlandske borgarar
Onsdag morgon var eit køyretøy med utanlandske borgarar kontrollerte av politiet nord for Os sentrum. Det vart ingen reaksjon i høve køyretøyet, men alle personane i bilen vart kontrollert opp i mot status på opphaldsløyve og funne i orden. Patruljen fekk bistand frå seksjon for utlending i politiet.
Fekk køyreforbod
Tysdag morgon gjennomførte politiet ein åtferdskontroll i Kolskogen. Éin førar ble ilagt køyreforbod for dekk utan mønster, fortel Anne Lyssand, fagleiar for førebyggjande oig politikontakt ved Bjørnafjorden politistasjon.
Éin førar blei ilagt mangellapp for oljelekkasje, laust eksosanlegg med lekkasje, kjennemerke i feil vinkel og generell dårleg stand på MC-sykkelen.
Tre førarar blei ilagt mangellapp for køyring utan DB-killer (reduserer støy).
Ein gutt (f. 2008) vart meldt for å ha køyrt ein MC utan gyldig førarkort, ifølgje Lyssand.
— Han blåste til 0,00mg/l og sak blei oppretta, fortel Lyssand.
Tysdag kveld mista eit køyretøy eit hjul ved rundkøyring på Moberg.
Bergingsbil vart rekvirert.
— Ingen operative tiltak fra politiet, fortel Lyssand.
Promillekontroll i Strandvik
Laurdag kveld dukka politiet opp i Strandvik. Der stilte dei seg opp for å gjennomføra promillekontroll.
– Det var roleg og fint der, opplyser politistasjonssjef Terje Sperrevik.
På vel ein time, var det ikkje akkurat flust av bilar på vegen i Strandvik.
– Av loggen ser det ut til at dei stoppa og sjekka tre førarar. Alt var i orden, fortel Sperrevik.
Ni førarar blei stoppa i 50-sone
Fredag kveld gjennomførte Utrykkingspolitiet trafikkontroll på Lyseklostervegen.
Det opplyser politioverbetjent Atle Birkeland i ein e-post. Han skriv at det i 50-sona var ni førarar som køyrde for fort.
– Høgaste hastigheit var 66 km/t, skriv Birkeland.
Liafjelltunnelen opna igjen
E39 Liafjelltunnelen vart kl. 19.16 stengt på grunn av køyretøystans, men opna igjen kl. 19.21.
Det melde Vegtrafikksentralen.