Påska prega av stygg køyring

Benjamin Olsen
politi nytt

Det har stort sett vore roleg for politiet i Fusa gjennom påska. Av nye hendingar, finn politistasjonssjef Terje Sperrevik ei rekkje oppføringar i loggen, men lite som stammar frå gamle Fusa kommune.

– Det eg ser her, er at det frå fleire stader i kommunen; Kilen, Sævareid og Eikelandsosen, er meld om stygg køyring, fortel Sperrevik.

Meldingane går på stor hastigheit og bilar som ligg midt i vegen. Trafikantane melder frå om dei ser noko dei reagerer på.

– Det dei har formidla til oss, vert registrert, seier Sperrevik.

Powered by Labrador CMS