Nest nedst på tabellen

Benjamin Olsen
nytt

Det har butta imot for Lysekloster så langt denne sesongen. Dei har gjort det for vane å ta leiinga, for så å ikkje klara å halda på denne.

Det skjedde også i borteoppgjeret mot Træff søndag.

Lysekloster–Sotra, fotball, PostNord-ligaen, Lysekloster Sporty Arena, 2. divisjon, mars 2025, 0–0, Lysekloster-kaptein Alexander Dang
Skåra: Alexander Dang skåra i borteoppgjeret mot Træff, men Lysekloster reiste frå Molde utan poeng.

Ei vanskeleg oppgåve blei tøffare då Kristoffer Nesse Stephensen fekk raudt kort etter 24 minutt, men Alexander Dangs skåring gav Lysekloster ei vitamininnsprøyting rett før kvilen.

Heimelaget utlikna på straffespark etter 69 minutt, før dei kort tid før kampen var omme, tok leiinga og med det sikra seg tre poeng.

Lysekloster ligg på nest siste plass i PostNord-ligaen etter å ha spelt seks kampar.

Powered by Labrador CMS