Relatert innhald
Mann i kvit T-skjorte midt i vegen
Torsdag kveld kl. 23.11 fekk politiet melding om ein mann som gjekk i midt i vegen i 50-sona i Mobergssvingane.
Då melder ikkje såg han lenger, og det ikkje kom fleire meldingar, vart det ikkje sendt patrulje.
Mannen skal ha vore om lag 30 år og hadde på seg ei kvit T-skjorte.
Mista kontrollen i rundkøyring
Kl. 23.17 torsdag kveld kom det melding frå Industrivegen om stygg køyring av ein bil som mista kontrollen i ei rundkøyring. Vedkomande skal ha hatt høg fart og var nær på å krasja.
Oppdraget vart avslutta med "ikkje kapasitet".
I 60 km/t i 100-sona
Nordover: Bilen skal ha vore på veg nordover, gjennom Lyshorntunnelen, då andre trafikantar reagerte på køyringa. Benjamin Søgnen Olsen Søndag skal ein bil på "søndagstur" ha blitt lagt merke til av andre trafikantar. Politiet fekk melding om vinglete køyring, og at bilen berre køyre i 60 km/t i 100-sona gjennom Lyshorntunnelen.
Bilen skal ha vore på veg nordover.
I ei melding til avisa opplyser politiet at patruljen rykte ut og la merke til at føraren køyrde sakte, men elles framstod alt greitt.
Gut meld for forulemping av offentleg tenesteperson
Laurdag kveld i 19-tida, fekk politiet melding om ein svært rusa ungdom under 18 år i Os sentrum.
– Då politiet kom gjorde vedkomande seg vanskeleg og utagerte. Han blei etter dette meld for forulemping av offentleg tenesteperson (politi), skriv politibetjent Marita Frotveit i ei melding til avisa.
Båtførar mangla førarbevis
Politibåten stansa ein ungdom ute i båt laurdag ettermiddag. Føraren var ifølgje politiet ein gut under 18 år, som ikkje hadde førarbevis. Politiet opplyser at han fekk pålegg om ikkje å køyra båt igjen før han hadde teke førarprøve. I tillegg fekk vedkomande eit førelegg etter hendinga.
Poengdeling i Rogaland
Lysekloster var på tur til Rogaland i helga. I borteoppgjeret mot Sandnes Ulf fekk dei med seg eitt poeng.
I sosiale medium skriv klubben at det var fortent, og at dei reiser heim med hovudet heva.
Klubben ligg på 13. plass etter poengdelinga. Neste kamp går heime på Lysekloster Sporty Arena laurdag 31. mai mot Notodden.
Varslar streik frå morgonen 28. mai
Fagforbundet har i ettermiddag varsla KS og dei råka kommunane om eit eventuelt streikeuttak.
Det opplyser Fagforbundet Vestland i ei pressemelding.
Det er varsla at heile 8.700 medlemmer kan bli tekne ut i streik i kommuneoppgjeret.
Totalt er det tale om uttak av 838 medlemmer i Vestland i denne omgang.
Desse er fordelt slik på dei ulike kommunane:
Bergen kommune – 328
Øygarden kommune – 85
Kinn kommune – 83
Sunnfjord kommune – 37
Voss herad – 36
Årdal kommune – 46
Bjørnafjorden kommune – 39
Alver kommune – 42
Askøy kommune – 31
Kvinnherad kommune – 30
Stord kommune – 41
Ullensvang kommune – 40
Stumpa sigarett i tørr potteplante
Det skal ha vore eit mindre branntilløp på ei adresse i Os onsdag kveld.
Politiet opplyser at 110-sentralen melde at dei hadde rykt ut til ei adresse. Der skal det ha blitt stumpa ein sigarett i ein tørr potteplante.
– Dette førte til eit mindre branntilløp som igjen hadde spreia seg til terrassen. Om lag eit par kvadratmeter av terrassen blei påført brannskader. Brannen blei sløkt etter kort tid. Ingen skade på personar. Politiet har avhøyrd mistenkte og sak vert oppretta, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.
Trugande person på døra
Laurdag kveld i 23-tida fekk politiet melding om ein trugande person som var på døra til nokon.
Vedkomande skal etter kvart ha gått frå staden og det skal dermed ikkje ha vore behov for assistanse frå politiet.
Dei fornærma i saka skal ifølgje politiet vurdera å melda forholdet i ettertid.
Feststøy: Meldar blei beden om å gripa inn sjølv
Først skal politiet ha fått klager på feststøy frå ein båt ved Os hamn i 18-tida på 17. mai. Då skal ikkje politiet ha hatt kapasitet til å rykkja ut.
Nokre timar seinare, etter at klokka bikka midnatt, kom det ny melding på same båt med same problemstilling.
– Politiet hadde framleis ikkje kapasitet til å rykkja ut, og meldar blei beden om å forsøka å be dei skru ned musikken sjølv, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.
Stoppa klokka 04.00 i Industrivegen
Ein mann i 40-åra frå Bergen er meldt og mista førarkortet etter å ha blitt stoppa av politiet natt til 17. mai.
Politiet opplyser å ha stansa mannen i ein bil i Industrivegen i 04.00-tida. Førar skal så ha blåst raudt, og blei teken med til legevakt for utvida blodprøve.
Fann pose med kvitt pulver
Ein person er meld av politiet etter at vedkomande blei ransaka i Os sentrum.
Politiet skal ha gjort funn av ein pose med kvitt pulver på personen. Bakgrunnen for kontrollen skal ha vore at vedkomande var rusa og drakk øl i sentrum.
Halhjem–Sandvikvåg: C-avgangen startar opp igjen
Klokka 17.20 la Torghatten ut melding på nettsida si om at delar av sambandet (rute C) på ferjestrekka Halhjem–Sandvikvåg er innstilt på grunn av tekniske årsaker.
Kort tid seinare vart det opplyst avgangen skal vera i rute igjen frå klokka 19.
Ferjeruter innstilt på 17. mai
Fjord1 melder om endringar på sambandet Hatvik-Venjaneset 17. mai.
Siste tur frå Venjaneset kl. 23 og frå Hatvik kl. 23.20 vert innstilt.
Stoppa ikkje ved stopp-skilt
Torsdag ettermiddag hadde UP trafikkontroll i Lepsøykrysset.
Tre førarar fekk førelegg for ikkje å ha stansa ved stopp-skiltet i krysset.
Éi melding etter kontroll
Utrykkingspolitiet gjennomførte promillekontroll på Halhjem ferjekai onsdag formiddag.
Det oppylyser politiet i ei melding til avisa.
Der skal 56 trafikantar ha blitt sjekka for rus, utan utslag.
Men kontrollen skal ha resultert i éi melding. Dette grunna køyring utan gyldig førarkort.
Måtte ut med 1.000 kroner kvar
Tysdag hadde Statens vegvesen ny kontroll på Svegatjørn kontrollplass.
Under kontrollen blei følgjande avdekt:
Fire sjåførar fekk tilsaman seks åtvaringar for mindre brot på reglane for køyre- og kviletid. To av førarane fekk også kvart sitt gebyr på 1.000 kroner for to større brot. Her fekk også transportørane to gebyr på 2.000 for dei same brota.
- Ein førar fekk bruksforbod for ikkje å ha trekt ut bakre underkøyringshinder (for stort overheng bak)
- Fem fekk bruksforbod for sikthindrande gjenstandar i frontruta. Her var det snakk om mobilar/gps, namneskilt, plakatar og andre pyntegjenstandar. Gjenstandar som hindra utsyn måtte fjernast før vidare køyring.
- Tre bruksforbod i samband med farleg gods. Her var det snakk om eit mangelfult utfylt transportdokument, ikkje godkjend brannsløkkingsapparat og mangelfull sikring av godset.
- Eit bruksforbod for manglande stadfesting på disposisjonsrett over motorvogn (manglande leige/leasingavtale då transportør ikkje var registrert eigar av motorvogn). Som løyvehavar må du alltid kunna bekrefta disposisjonsretten over den aktuelle motorvogna som vert brukt til den løyvepliktige transporten. Dette for å hindra at løyve ikkje vert "lånt" ut til andre transportørar.
- Sju køyretøy fekk tekniske mangellappar for luftlekkasje, skada kjennemerke, skada frontrute, heng på bremser og manglande skjerming av hjul/skvettlapp.
Tal på tunge køyretøy over kontrollplass: 115
Tal på kontrollerte lette køyretøy: 5
Tal på kontrollerte for manglande bruk av bilbelte: 35
Tal på sendte rapportar: 1
Tal på bruksforbod: 10
Tal på køyretøy med skriftlege manglar: 7
Tal på sjåførar med brot på køyre- og kviletid: 4
Tal på ADR (farleg gods) - køyretøy med brot: 1
Trur gut vart tvungen til å stela
Tysdag kveld ca. kl. 20.12 mottok politiet melding om eit tjuveri frå ein butikk på Amfi Os.
Mest sannsynleg vart guten, som er 15 år, tvungen til å stela av en gjeng, opplyser politiet i Os i ein e-post til Os & Fusaposten onsdag morgon.
Hendinga blir følgt opp i det førebyggjande sporet.
To frå Bjørnafjorden til landsfinale
Vestland sender 41 deltakarar til landsfestivalen i Trondheim 21.–25. juni innan dei fleste kulturuttrykka og arrangørgruppene.
UKM: Magnus Godøy under UKM Bjørnafjorden i februar. Benjamin Søgnen Olsen Etter først å ha vist seg fram lokalt og regionalt, er to deltakarar frå Bjørnafjrordne klare for Trondheim i juni.
Dei to er Magnus Godøy og Solveig Furu.