Debuterte med heimesiger

Benjamin Olsen
nytt

Torsdag og fredag førre veke var det hektisk møteverksemd i klubblokala til Lysekloster. Der sa klubben farvel til trenarane Ruben Hetlevik og Øyvind Nordtveit. Inn kom Tommy og Kjetil Knarvik.

Søndag leia dei laget for første gong, då Arendal kom på besøk på Lysekloster Sporty Arena.

Bortelaget fekk tidleg ein mann utvist, og måtte spela 75 minutt med ein mann mindre.

Tommel opp: Tre poeng for Tommy og Kjetil Knarvik i deira første kamp som trenarar for Lysekloster IL.

Ei avslutning frå Jacob Bolsø, via keeper og i mål, gav heimelaget leiinga etter 39 minutt.

Jonas Vågen auka for munkane etter 51 minutt spelt, med ei flott avslutning i lengste hjørnet.

På tampen gav Lysekloster bort eit straffespark, og reduseringa var eit faktum, men kampen enda med 2–1-siger.

Lysekloster klatra med det over nedrykksstreken.

Powered by Labrador CMS