Bomma på straffespark – gjorde det godt igjen

Benjamin Olsen
politi nytt

I helga reiste Os A-lag til Oslo for å møta Lyn 2. Det blei til slutt eit målrikt oppgjer på Austlandet.

Bomma på straffe: Daniel Kvalvågnes svikta frå ellevemeteren, før han seinare leverte tre målgjevande pasningar.

Henrik Sperrevik kombinerte fint med Sebastian Plätzer til 0–1 etter 15 minutt spelt. Berre tre minutt etter utlikna heimelaget.

Daniel Kvalvågnes fekk sjansen til å gje Os leiinga igjen på straffespark, men keeper var kjapt nede og fekk stoppa forsøket.

I staden var det bortelaget som tok leiinga, etter at Vegard Leikvoll Moberg blei runda på hjørnet av 16-meteren, og markeringa glapp inne i feltet.

Så ville Kvalvågnes gjera opp for straffebommen. Først hælsparka han til Plätzer som skåra sitt andre for dagen. Tomålsskåraren var sentral då Os tok leiinga. Han snappa ballen utanfor 16-meteren til Os og fann så innbytar Håvard Vatland Karlsen som var sikker.

Feira fint.

Kvalvågnes hadde eit par målgjevande til i seg denne dagen. Først med ein nydeleg langpasning, som fann spisskollega Karlsen. Han gjorde ingen feil aleine med keeper. Heilt på tampen kom Os på kontring og Kvalvågnes fann Buan inne framfor mål, og han fastsette resultatet til 2–5.

Powered by Labrador CMS