Lensmann: N/A

Oppretta sak etter at bil hamna i fjellveggen i 40-sona

Det var korkje glatt eller andre bilar i nærleiken då ein bil hamna i ein fjellknaus i Bjørnavegen på Halhjem torsdag.

Politiet fekk melding om uhellet torsdag klokka 08.45, kort tid etter dei hadde dirigert trafikken og fått fjerna tankbilen som stod fast i rundkøyringa ved Uno X på Tøsdal tidlegare på morgonen. Føraren av bilen i Bjørnavegen vedgjekk å ha vore uoppmerksam, og sjølv om ingen andre var involverte eller skadd, oppretta politiet sak for brot på vegtrafikklovens §3 om grunnreglar for trafikk.

Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Paragraf 3 i vegtrafikklova er ei streng paragraf, og i dette tilfellet vedgjekk føraren å ikkje ha vore aktpågjevande nok, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Travel morgon

Tidlegare på morgonen fekk den nemnde tankbilen på veg mot Halhjem, problem i rundkøyringa ved Uno X om lag klokka 07.45 torsdag morgon. Politiet kom raskt til staden og opna for trafikk over gamle Ulvenskiftet, og dirigerte bilane som kom frå retning Halhjem, feil veg i rundkøyringa for å halda unna for køane i morgonrushet.

— Føraren av tankbilen fekk indikasjonar på at det var noko gale med girkassen, og køyretøyet vart fjerna i halv ni-tida av ein tauebil og vegen opna att, fortel Birkeland.

Det gjekk ikkje lange tida før politiet fekk melding om ein bil på ferjekaien på Halhjem med punkterte dekk etter eit uhell då bilane køyrde i land.

— Det er kome ei innsnevring i det høgre feltet av dei to felta når ein køyrer i land, like etter busstoppet, grunna arbeid på ferjekaien. Ein bil som låg i det høgre feltet oppdaga det litt seint og byta felt slik at ein bil i det venstre feltet vart pressa opp på fortauskanten. Han punkterte begge dekka på venstre side som konsekvens av dette, fortel Birkeland.

Ingen av førarane har meldt saka til politiet, utover meldinga dei fekk klokka 09.15, men Birkeland oppfordrar førarane til å visa merksemd når dei kjem i land på Halhjem.

— Det er ikkje ei politisak per no, det er ei forsikringssak. Men sjåførane må vera merksame på at det er kome ei endring i køyrefelta der, seier Birkeland.