10.000 meter med ny vassleidning langs E39

Os kommune har inngått avtale med Statens vegvesen om bygging og omlegging av VA-anlegg i samband med utbygging av nye E39 Svegatjørn–Rådal.

Det blir bygd kring 10.000 meter ny vassleidning langs E39, mellom Hamre i Fana og Svegatjørn i Os, gjennom både Skogafjellstunnelen og Lyshorntunnelen. Kloakk- og spillvassleidninga blir på kring 4.000 meter, mellom Svegatjørn og Endalausmarka. Det opplyser vegvesenet i ei pressemelding.

Vassleidninga vil sikra Os kommune ei reserveforsyning som dei ikkje har i dag, slår rådmann Christian Fotland nøgd fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leidningsnettet blir samanhengande langs nye E39, mellom Svegatjørn i Os og Nordås i Bergen.

I tillegg blir det etablert anlegg for slukkevatn i Lyshorntunnelen og Skogafjellstunnelen, med 250 meter mellom uttaka, som utgangspunkt. Brannvassleidningane blir kosta av Statens vegvesen. Det same gjeld ein del av hovudvassleininga, basert på lengde og del av grøfteprofil.

Avtalen seier at Os kommune sin del av kostnaden blir 57,5 mill. kr. Eventuelle endringar i anlegget og løn/prisauke kjem i tillegg, ifølgje pressemeldinga.