103 km/t i 70-sona
Fire førarar fekk eit forenkla førelegg for fartsbrot på Halhjemsvegen.
Onsdag kring klokka 14.15 gjennomførte politiet ein trafikkontroll på Halhjemsvegen i 70-sona retning Halhjem.
— Resultatet blei fire forenkla førelegg. Høgaste fart målt var 103 km/t. Ein førar vedtok ikkje førelegget, opplyser Politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet fekk onsdag inn melding om ein sekk som hadde blitt funnen ved Lyngheim. Meldinga kom inn klokka 14.45.
— Beskriv innhaldet og sekken blir utlevert til rett eigar, skriv Lyssand.
Politiet var onsdag morgon på Strøno barneskule i samband med “Aksjon skuleveg”.
— Trafikken flaut fint og rektor var nøgd med å få besøk av politiet, skriv Lyssand.