12 personar: 12 personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 fredag.

12 nye smittetilfelle fredag - ventar fleire positive prøvar

Det melder kommunen laurdag føremiddag.

12 personar i Bjørnafjorden kommune fekk påvist covid-19 fredag.

Åtte av smittetilfella har samband med to ungdomsfestar i Os sist veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Smitten blant ungdom aukar raskt etter fleire festar. Nokre «lyg blankt» til smittesporarane
Les også
Fem nye korona-tilfelle i Bjørnafjorden - fire av dei skal ha vore på same fest

Dette gjeld sju tenåringar der fem er smitta på fest sist veke og to er nærkontaktar som har blitt smitta av deltakarar etter festen.

Den åttande er ein mann i 40-åra, som er far til ein av dei smitta ungdomane.

– Så langt er 16 smittetilfelle knytt til desse festane, og kommuneoverlegen ventar fleire positive prøver, opplyser kommunen.

Dei fire andre tilfella fredag, var:

Gut i tenåra. Ukjend smitteveg.

Kvinne i 40-åra. Ukjend smitteveg.

Kvinne i 50-åra. Ukjend smitteveg.

Kvinne i 50-åra. Kjend smitteveg.