12 nye tilfelle på ungdomsskulen - kommunal kriseleiing i møte i ettermiddag

16 tilfelle: Totalt er 16 smittetilfelle så langt knytte til utbrotet ved Os ungdomsskule.

Nye 12 elevar på 8. trinn ved Os ungdomsskule har fått påvist covid-19.

Det opplyser kommunen fredag kveld.

Kommuneoverlege Klaus Melf fekk melding om tilfella i ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desse kjem i tillegg til tre smittetilfelle blant elevane og eitt hos ein lærar som vi tidlegare har informert om, påpeikar kommunen på sine heimesider.

– Totalt er altså 16 smittetilfelle så langt knytte til utbrotet, vert det opplyst.

Alle dei 12 nye smitta er allereie i karantene.

Smittesporingsteamet er i gang med å kartleggja eventuelle andre nærkontaktar.

Heile 8. trinn har heimeundervisning, men ikkje alle elevane har vore i karantene før no.

Skulen har ifølgje kommunen sendt ut SMS til dei føresette på 8. trinn med informasjon om at alle 138 8. klassingane no er rekna som nærkontaktar, og må gå i karantene og bestille test snarast. I tillegg er 19 lærarar i karantene.

– Alle som bur saman med nærkontaktane eller andre tilsvarande nære må vera i ventekarantene til nærkontaktane har fått negativt prøvesvar. Dette betyr at foreldre, søsken og andre nære skal halda seg i ventekarantene fram til testresultatet er klart, seier Melf til nettsida.

– Unntaket er dersom nærkontakt eller husstandsmedlemmer er fullvaksinerte mot covid-19 eller allereie har gjennomgått covid-19-sjukdom dei siste seks månadene. Då treng dei ikkje gå i karantene/ventekarantene, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom nærkontakt har fått éin dose med vaksine for minst tre veker sidan, treng dei heller ikkje gå i karantene/ventekarantene, men dei må likevel teste seg mellom dag 3 og 7 i denne perioden.

Kommunen opplyser at KKL (kommunal kriseleiing) møtest i ettermiddag, «mellom anna for å ta stilling til kva konsekvensar smitteutbrotet vil ha for undervisninga på skulen neste veke».

Leiinga ved Os ungdomsskule vil gi føresette og elevar meir informasjon når dette er klart.