(
(

13 år gamal jente beden om å setja seg inn i ukjend bil ved Amfi Os

Politiet ber bilføraren melda seg.

Den 13 år gamle jenta var på veg til skulen og venta på ei veninne ved busstoppet på Amfi Os onsdag morgon kl. 9, då ein mørk el-bil svinga inn og stoppa.

Føraren, beskrive som ein nordisk utsjåande mann i 30-åra, spurte om ho trengde skyss. Mannen skal ha vore pågåande og jenta opplevde det ubehageleg. Ho kontakta mor si som deretter kontakta politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politioverbetjent Anne Lyssand berømmar jenta for å ha gjort alt riktig.

– Vi vil gjerne ha kontakt med føraren av bilen for å høyra hans versjon. Difor bed vi han om å ta kontakt med oss.

Lyssand strekar under at politiet nødig vil skremma befolkninga, men svært gjerne vil avklara situasjonen.

– Kva råd vil du gi til jenter og gutar som blir bedt om å setja seg inn i ein ukjend bil?

– Berre avvis dei. Ikkje gå inn i dialog. Berre ta opp telefonen og ring mamma eller pappa.

anne-marie@osogfusa.no