Uskadd: 13-åringen er uskadd etter episoden, men politiet har oppretta sak.

13 år gamal jente påkøyrd i fotgjengarfelt i Os sentrum

Politiet ber den kvinnelege bilføraren om å melda seg.

Om lag klokka 13.15 laurdag, vart ei 13 år gamal jente påkøyrd av ein blå bil i eit fotgjengarfelt i Os sentrum.

Den kvinnelege bilføraren stakk frå staden, fortel politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal ikkje vera snakk om noko skade på jenta.

Ein politipatrulje var i kontakt med mor til jenta og det er oppretta sak.

Politiet ynsker opplysningar frå hendinga, dersom det var vitne på staden.

Dei oppmodar også den kvinnelege føraren av bilen til å melda seg.