Frøya Skogerbø Kjellevold stortrivst som røyrleggar.
Frøya Skogerbø Kjellevold stortrivst som røyrleggar.

14. september kan Frøya vinna gratis bil i tre år og premiar for fleire titals tusen

Røyrleggar Frøya Skogerbø Kjellevold (23) frå Os klatrar mot toppen i «Norges hyggeligste håndtverker».

– Det var fyrst då Tore Kleppe (fjorårs-finalist og lokalkjendis journ.mrk) heia på meg på delte nominasjonen min på Facebook, at eg forstod omfanget. Og det begynner jo å bli veldig spennande no, ler Frøya Skogerbø Kjellevold.

Ho ligg førebels på ein sjette plass i «Norges hyggeligste håndtverker», ein konkurranse som vert arrangert av leiande aktørar i byggenæringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mot omlag 2.500 ifjor, er heile 19.000 handtverkarar nominerte i år.

23-åringen frå Lekvenmarka er på jobb for Hagenes AS på Midttun skule når Os & Fusaposten snakkar med henne. Eit firma med heile fire osingar.

Det er seks år sidan ho byrja som røyrleggar, og ho elskar den varierte jobben. Å ein dag sjaua i ei grøft, den neste leggja rør innomhus.

Blir glad når andre smiler

– Kva gjer du for å vera hyggjeleg?

– Tja, det er i alle fall viktig å møta andre med eit smil. Eg merkar sjølv korleis det smittar over når andre smiler. Det gjer meg gladare. Og så er det viktig å tøysa litt og ha god stemning på jobben. Har eg det bra på jobb, så kan eg godt gjera mitt for at også andre skal ha det fint.

Frøya prøver å vera ein god kollega, men også kundane står i fokus for henne.

– Ja, det er viktig at dei kan stola på meg og at eg er imøtekomande. Det er noko eg har jobba mykje med.

Nominert av veninna

Det var veninne og røyrleggarkollega Camilla Toft som tidlegare i år nominerte henne til den landsdekkande konkurransen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan då har ho blitt nominert av 15 andre og hittil fått meir enn 3.500 stemmer.

Det er godt nok til ein sjette plass.

Avstemminga held fram til 1. september. Dei tre beste i sju ulike yrkeskategoriar går vidare til finalerunden og avstemminga byrjar på nytt, frå scratch.

Juryen kårar så ein vinnar i kvar kategori og til slutt ein hovudvinnar blant desse igjen. Vinnaren vert offentleggjord 14. september under Boligmessa i Telenor Arena.

Gløymer sjølv konkurransen

– Er du aktiv med valkamp for å få folk til å stemma på deg?

– Fyrst av alt må eg seia at folk er utruleg hyggjelege som stemmer på meg. På Tysnesfest tidlegare i sommar, vart eg til og med kontakta av folk eg ikkje kjenner, men som hadde stemt på meg.

Frøya har valt å opna Facebook-kontoen sin. I tillegg prøver ho å minna folk om å stemma på Snapchat og Instagram. Men det kan vera vanskeleg nok å hugsa på konkurransen sjølv.

– Spesielt no i ferien gløymde eg det stadig vekk, ler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frøya håpar så mange som mogleg, spesielt kundar, kan tenkja seg å stemma på henne. Og gjerne nominera henne også.

– Det er jo spennande dette her.

Ufiltrert prat

– Du har valt eit svært mannsdominert yrke. Er det nokon skilnader på ein kvinneleg eller mannleg røyrleggar?

– Litt forskjell er det jo. Men medan menn har ein fysisk fordel ved tunge løft, kan eg som er liten og lett, koma til der det er trongt.

Det som uansett er likt, uavhengig av kjønn, er den ufiltrerte praten.

– Der er vi like miljøskadde alle mann. Vi er nett som legar som manglar filter når dei snakkar om kropp og sjukdom. Vi er ikkje så nøye med språket når vi snakkar om avføring, for å seia det slik, ler ho.

– Kan det vera ei prøving for matlysta å eta lunsj med ein gjeng røyrleggarar?

– Absolutt. Og dei er ikkje så nøye på kor kniven dei bruker til å smøra på skiva har vore hen før det, blunkar ho og legg til at ho held seg med sin eigen kniv, forbeholdt mat.

Artikkelen held fram under annonsen.

anne-marie@osogfusa.no