BKK)
BKK)

149 straumlause på Moberg

Aggregat er på veg, melder BKK etter at straumen gjekk litt over klokka sju i dag tidleg.

Berre fire veker etter førre straumstans, er området rundt Kolabakkane på Moberg igjen råka av straumstans.

– Aggregat vil vera på plass i løpet av ein til to timar. Etter det skal ikkje kundane merka nokon skilnad, seier kommunikasjonsrådgjevar i BKK, Anne Mette Tuvin

Artikkelen held fram under annonsen.

Nett som førre gong, er ein kabelfeil årsaka til straumbrotet.

– Vi må grava opp jordkabelen og få retta feilen, men det er vanskeleg å seia kor lang tid dette vil ta, seier Tuvin.

– Er det eit område med veldig slitt og gamalt utstyr sidan denne feilen oppstår med så kort tid mellom?

– Det kan eg ikkje svara på før eg har fått sjekka opp i det, svarer Tuvin.

anne-marie@osogfusa.no