Trafikkontroll: Utrykkingspolitiet har hatt fleire trafikkontrollar ved Halhjemsvegen og ved Skogafjellstunnelen den siste tida

15 forenkla førelegg. Sjåfør tatt i 115 km/t i 80-sona

Utrykkingspolitiet har hatt nok ein kontroll i Os.

Bjørnafjorden politistasjon opplyser at Utrykkingspolitiet (UP) hadde trafikkontroll på Halhjemsvegen måndag i 11-tida. Kort tid seinare, fortel Lyssand at kontrollen denne gongen blei gjennomført ved avkøyringsrampa til Osøyro, utanfor Skogafjellstunnelen.

— Det blei skriven ut 15 forenkla førelegg. Høgaste hastigheit var 115 km/t i 80-sona, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

På veg til staden skal UP ha kontrollert eit vogntog. Årsaka skal vera mobilbruk.

— Føraren, ein mann i 40-åra, erkjente ikkje forholdet, men er meld for bruk av mobil under køyring, skriv Lyssand.