Folkefest: Kommunen håper så mange som mogleg blir med på å laga folkefest – både i prosesjonen og langs ruta gjennom kommunesenteret.

17. mai-feiringa er tilbake på Kyrkjeflaten

Endrar på programmet frå 2023 etter innspel.

– Vi er tilbake til avslutning og program på Kyrkjeflaten, opplyser kultursjef Erik Vangsnes.

Markeringa startar i Minneparken, som vanleg, og det blir oppstilling av prosesjon på fotballbanen ved Os ungdomsskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Minneparken vert det tale ved leiar i ungdomsrådet, Mathilde Nonås, og song ved Os mannskor.

Ruta til toget blir om lag som i 2023 med ei lita justering mot slutten slik at ein går Brugata og over Torget til Kyrkjeflaten.

– Vi har lagt opp programmet i sentrum slik at det blir minst mogleg konflikt med det som skal skje ute i krinsane og på dei lokale skulane, legg Vangsnes til.

Kommunen håper så mange som mogleg blir med på å laga folkefest – både i prosesjonen og langs ruta gjennom kommunesenteret.

– Sentrumsskulane og barnehagane er faste innslag i toget. 17. mai-komiteen ønskjer at fleire lag og foreiningar deltar og viser seg fram på nasjonaldagen. Også i år vil vi premiera det stiligaste og det morosamaste innslaget, fortel Vangsnes.

På Kyrkjeflaten vert det helsing frå ordførar Terje Søviknes, song og tale for dagen frå elevar ved Borgafjellet barneskule og russetale ved Magdalena Bezucha frå Os vidaregåande skule. Musikken står Os musikkforening og Os skulekorps for.