18-åring i arresten etter vald og hærverk

Politiet etterforskar og held fram avhøyr av ein 18 år gamal mann i samband med hærverket, og også vald mot ein annan person, på Halhjem natt til i går.

Klokka 2.30 natt til fredag fekk politiet melding om at to menn hadde gått laus på bustader i Halhjemsmarka. 

- Det var snakk om skadeverk både utvendig og innvendig på privat bustad, blant anna knusing av ruter, opplyste lensmann Oddbjørn Dyrdal fredag. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Då politiet kom til staden var gjerningsmennene vekke, men politiet fekk gode skildringar av dei. Basert på dette vart det gjort søk, og den eine av gjerningsmennene vart pågripen.

 

 

Utøvde vald

Kenneth Rastad ved Os lensmannskontor opplyser laurdag morgon at det kan ha vore fleire involverte i hærverket, som også omfatta ramponering av eit ukjend tal bilar, og altså vald mot ein person inne i leilegheiten som vart utsett for hærverk. Det skal ha vore fleire personar inne i leilegheiten.

- Personen som vart råka av valden skal ha knekt eit bein i armen. Elles er det for tidleg å seia noko meir om skadeomfanget, men det er ikkje snakk om kritiske skader, opplyser Rastad.

Han legg til at fleire naboar har uttrykt uro etter hendinga, og vil understreka at dette ikkje var ein tilfeldig vald leilegheit. Gjerningsmannen hadde ein relasjon til personane på den aktuelle adressa.

- Folk kan såleis føla seg trygge når det gjeld denne hendinga.

Rastad legg til at om det er fleire som har fått sine bilar ramponerte, må dei tak kontakt med politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Vurderer varetektsfengsling

18-åringen har site i arresten sidan natt til i går, og avhøyra held fram i dag. Etter kvart vil det verta vurdert om mannen skal verta varetektsfengsla eller lauslaten.

- Men det er forhold i denne saka som kan tilseia varetektsfengsling. Alderen til mannen gjer også at ein ser på andre løysingar, opplyser Rastad.

Han legg til at dei som vart råka natt til fredag er blitt følgd opp av familie, vener og arbeidsgjevar.

Rastad opplyser samstundes at politiet fekk meldingar om pinsetrafikken i går og førespurnad om kor vidt dei ikkje skulle ta del i trafikkavviklinga.

- Trafikkavvikling er normalt ikkje politiet si oppgåve. Men ved slike utfartsdagar som i går ynskjer me likevel å bidra når me har høve til det. I går tok likevel valds- og hærverkssaka på Halhjem all kapasiteten vår, desverre, seier Rastad.