Hagafjøra vert truleg ein ynda plass å vera i helga. Søndag er det meldt heile 27 grader i Eikelandsosen. Biletet av Benedicte Solberg Sværen og Marthe Samnøen er frå 2016.
Hagafjøra vert truleg ein ynda plass å vera i helga. Søndag er det meldt heile 27 grader i Eikelandsosen. Biletet av Benedicte Solberg Sværen og Marthe Samnøen er frå 2016.

27 grader i Eikelandsosen på søndag

«Sommaren» er komen for å bli. Søndag og måndag er det meldt heile 27 grader i Eikelandsosen.

Pent vêr, skriv meteorologen på yr.no onsdag, torsdag, fredag og laurdag. Det må vera tidenes underdriving, for på vêrvarslinga er det sol, sol og atter sol så langt langtidsvarselet gjeld.

Blant dei varmaste stadene i Os og Fusa dei næraste dagane, er Eikelandsosen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag kjem temperaturen opp i 26 grader, laurdag må fusingane nøya seg med 24, men på søndag og måndag vert det ifølgje pent.no heile 27 grader.

Medan innbyggjarane i Eikelandsosen koser seg med middelhavstemperaturar i helga, må dei som bur på «hi sio» av fjorden ta til takke med temperaturer kring 24 grader. Ikkje så aller verst det heller, trass alt.

Meget stor skogbrannfare

Det fine maivêret gjer folk flest glade til sinns. Samstundes er faren for gress-, lyng- og skogbrann «meget stor» inntil det kjem nedbør av eit visst omfang.

– Vegetasjonen kan svært lett ta fyr og veldig store område kan bli råka. Ver svært forsiktig med open ild, er meldinga frå Yr.

camilla.kvamme@osogfusa.no