Held fram på nett: Sidan 2016 har interiørbutikken 2Villa halde hus i Holtbrekka på Os. No vert butikken lagt ned, men nettbutikken består, ifølgje ei Facebook-melding. Butikkmedarbeidar Sandra Bjørkelund (t.v.) og butikkeigar Torill Skåtøy.

2Villa legg ned butikken

– Etter nøye gjennomgang har vi diverre konkludert med å leggja ned butikken vår i Holtbrekka, skriv 2Villa på Facebook-sida si.

– Det er mange grunnar som har ført til dette triste valet, og det som set to strekar under svaret, er situasjonen Noreg er i, er beskjeden frå interiørbutikken, som vart opna i 2016, til kundane.

Os & Fusaposten har søkt å koma i kontakt med butikkeigar, utan å lukkast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Varene vi importerer er blitt mykje dyrare og vi kjem oss ikkje ut for å finna nye, vakre skattar til dykk. Folk handlar naturleg nok mindre i ei slik vanskelig tid, og utgiftene løper avgarde som vanleg, skriv 2Villa.

Vidare vert det informert om at nettbutikken vil bestå, men at ein vil ta ein liten pause medan ein kvittar seg med eit stort varelager.