Dagfinn Solberg trur mange er av den oppfatning at Vinnes friskule stel av fellesressursane til Fusa kommune av di kommunen mister tilskotet for dei elevane som går der. - Vinnes friskule er eit hår i suppa for ein del politikarar og for administrasjonen, seier han. Til neste år fyller skulen 10 år.
Dagfinn Solberg trur mange er av den oppfatning at Vinnes friskule stel av fellesressursane til Fusa kommune av di kommunen mister tilskotet for dei elevane som går der. - Vinnes friskule er eit hår i suppa for ein del politikarar og for administrasjonen, seier han. Til neste år fyller skulen 10 år.

30 år lang skulekamp

Til neste år er det ti år sidan Vinnes friskule vart etablert. Sidan den gong har foreldre ved tre andre skular i Fusa søkt om privatskulegodkjenning. - Eg forstår kvifor dei gjer det. Eg har kjempa den same kampen sjølv, seier rektor Dagfinn Solberg.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Solberg seier han har stor medkjensle og sympati med tilsette, elevar og føresette ved dei skulane som no står i fare for å verta nedlagde. Han forstår også politikarane i Fusa som skal få kabalen til å gå opp.

Likevel meiner rektoren at dei folkevalde burde ha vore flinkare til å spela på lag med dei ulike bygdene, og til å finna samarbeidsformer som gjer det mogleg å driva ein desentralisert skule.

- Det verkar som om økonomien overskygger alt. Det viktigaste er å få budsjettet i hamn, seier Solberg.

Mange er ifølgje Solberg negative til Vinnes friskule. Årsaka, trur han, er at skulen sperrar for dei strukturendringane kommunen ønskjer å gjennomføra.

- Vinnes friskule er eit hår i suppa for ein del politikarar og for administrasjonen. Om skulen skal leggjast ned, er det vi sjølve som må ta avgjerda. Sånn sett står vi litt på sidelina, seier han.

Brokete historie

Første gong Vinnes skule vart føreslegen nedlagt, var i 1987. Eller det er ikkje heilt korrekt. Alt på 1960-talet vart den vesle grendaskulen delvis stengt. Då vart halvparten av elevane flytta til Strandvik.

På 1970-talet vart ein ny mønsterplan (M74) teken i bruk. I tillegg hadde Fusa kommune ein skulesjef som var for ein desentralisert skulestruktur, og som fungerte som ein positiv pådrivar for å få elevane attende til Vinnes. Etter ei folkerøysting, der nær 90 prosent av dei som deltok, sa ja til at elevane burde flyttast attende, vart skulen nok ein gong fulltalig.

- Det var då eg fekk jobb på Vinnes, fortel Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

På 1980-talet førte ei endring i inntektssystemet til kommunane til at småskulane vart dyrare å driva, og i 1989 vedtok kommunestyret i Fusa å leggja ned skulane på Vinnes, i Sævareid og i Sundfjord. Ei sakshandsamingsfeil gjorde at fylkesmannen underkjente vedtaket. Men året etter låg eit nytt nedleggingsvedtak i bordet.

- Den gongen gjorde dei ikkje feil. Elevane vart flytta til Strandvik, fortel Solberg.

Skulen var stengt i fem år, frå 1990 til 1995. I 1995 var det val.

- Den politiske dragkampen var sterk, den gong som no. Med eit knapt fleirtal vedtok det nye kommunestyret å gjenopna skulen, fortel rektoren.

Men det varte ikkje lenge. Alt seks år seinare kom det signal om at skulen nok ein gong stod i fare for å verta stengt.

- Vinnes skule vart føreslått nedlagt kvart år når budsjettet skulle handsamast, seier Solberg.

I 2005 var trugselen så overhengjande, at foreldra tok affære. Dermed var Vinnes friskule godkjent, då den offentlege skulen fekk kroken på døra året etter.

- Godkjenninga var klar i byrjinga av juli. Éin månad seinare starta vi opp. Stort sett alle elevar og lærarar heldt fram ved skulen, fortel Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heldig smutthol

I dag må nye privatskular vera tufta på ein alternativ pedagogikk, så som Steinerpedagogikken eller Montessori, eller godkjennast på religiøst grunnlag. Vinnes friskule derimot held seg til den offentlege læreplanen. Årsaka er eit smotthol som berre eit fåtal av skulane som vart godkjente i 2006 fekk høve til å nytta seg av.

- Det året fekk Noreg ny regjering. Dei raudgrøne partia overtok styringa. Noko med det første SVs Øystein Djupedal føreslo, var at det skulle verta vanskelegare å etablera friskular, fortel Solberg.

Ei mellombels friskulelov vart innført. I lova stod det at såkalla grendaskular - skular der foreldra ønskte å driva skulen vidare - skulle vera unnateke frå lova. Dermed vart Vinnes friskule, saman med fem andre grendaskular, godkjent til tross for at han korkje hadde ei alternativ pedagogisk retning, eller kunne godkjennast på religiøst grunnlag.

Mindre engasjement

I samband med valet og høyringa i skulestruktursaka var det fleire som ymta frampå om at elevane på Vinnes helst burde vorte del av eit større miljø på Fusa. Solberg har ikkje fått nokon formell førespurnad i saka.

- Kjem det ein førespurnad må spørsmålet takast opp med foreldra til elevane og med styret, seier han og legg til:

- Det som mange ser på som ankepunkt ved dei små skulane, som å skaffa kvalifisert personale, og at miljøet er lite, har aldri vore noko stort problem for oss.

Små skuler treng ifølgje Solberg ikkje nødvendigvis å vera gode. Men dei har dei beste føresetnadene for å bli det.

- Nærleiken mellom tilsette og elevar gjer at ein fangar opp ting raskt, seier rektoren som meiner at Fusa kommune kjem til å mista noko vesentleg på vegen dersom ein går inn for å slå saman skular:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Engasjementet for skulane vert ikkje like stort, trur han.

Slepp yngre krefter til

Vinnes friskule tek ikkje betalt for elevane sine. Dermed er det tilskotet frå staten, 85 prosent av det kommunale tilskotet, som er inntekta til skulen.

- Vi er nøydde til å leva nøkternt slik at vi har ein buffer dersom elevtalet går ned, seier Solberg.

- Fordelen er at dersom vi har overskot eit år, så får vi behalda pengane. Overskotet forsvinn ikkje inn i kommunekassa, legg han til.

I dag har Vinnes friskule 21 elevar. Rektoren vedgår at skulen gjerne skulle hatt fleire elevar. Han meiner òg at det finst ei smertegrense for kor lågt talet kan vera, både økonomisk og sosialt.

- Vert elevtalet for lågt går det utover det sosiale samspelet. Men det er opp til foreldra om vi skal stengja dørene. Vi er positive. Vi synest Vinnes er ei flott bygd, med stort potensial, understrekar han.

Sjølv har Solberg bestemt seg for å kasta inn handkleet til våren. Då har han arbeidd ved skulen i meir enn 40 år. Ti av dei som friskulerektor.

- Det er på tide å sleppa yngre krefter til, seier rektoren som håpar og trur at skulen vil få tak i ein god erstattar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sjølv om eg pensjonerer meg så er eg jo oppteken av at skulen skal vera liv laga.

... sidan det første skulebygget vart teken i bruk på Vinnes i 1905, altså for 110 år sidan, har skulen berre hatt tre skulestyrarar/rektorar. Først ut var Karl Tveit, deretter tok Otto Kvåle over stafettpinna, før Dagfinn Solberg kom inn i biletet på 1970-talet.