Husfar Bjørn Helland og chihuahuaen Kira slappar av i godstolen.
Husfar Bjørn Helland og chihuahuaen Kira slappar av i godstolen.

40 år ved frontlinja

Eigentleg vil han ikkje bli intervjua i det heile. Som pensjonert ambulansesjåfør har han teieplikt og kan uansett ikkje seia noko om det som har skjedd opp igjennom. - Dei åra er ei lukka bok. Det blir mellom meg og henne, seier Bjørn Helland og snakkar om ektefella Elisabeth Orra Helland.

Morten Holmefjord

morten.holmefjord@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

For nokre veker sidan gjorde familie og kollegaar stas på han med ei festleg overrasking i Eikelandsfjorden samfunnshus. Ambulanse-Bjørn gjorde teikn til dottera Camilla Helland om at ho skulle rygga han ut av situasjonen, då kjenningar stod rundt bilen og applauderte.

- Men eg må no takka for talar og blomehelsingar, og helsa til dei eg har jobba saman med gjennom åra i politi, brannvesen og på legekontor.

Ei heil bør

- Eg registrerte første bilen 11. mai 1975, fortel Helland.

Den første «mobilen», ein Westminster frå PYE Telecom, var montert i den første ambulansen Helland registrerte i 1975, ein Ciroen Pallas -72-modell.
Den første «mobilen», ein Westminster frå PYE Telecom, var montert i den første ambulansen Helland registrerte i 1975, ein Ciroen Pallas -72-modell.

Til han gav seg i mai i år grunna yrkesskade, har det blitt 40 år. Dei 27 første åra dreiv han sjølv. Så vart det fem år for Raudekrossen og til slutt åtte år for Helse Bergen. Det har vore ei rivande utvikling. Han har ein heil kasse med brukte mobiltelefonar.

- Den første heitte PYE, ei heil bør.

Her trykte ein på ein knapp, fekk eit signal og så vart ein sett over til ein sentral som sette vidare til fasttelefonar. Dette var eit ope radiosamband, OLT-systemet (Offentlig landmobil telefoni) som alle kunne lytta til.

12 års vakt

Underteikna hugsar då ambulansen stod parkert i Knutafjero på Helland om somrane når det var badever..

- Eg måtte ha bilen så nært som mogeleg og hadde vakt heile tida. Når eg ikkje var ute og køyrde, hadde eg telefonen med meg. Det vart 12 år samanhengande vakt før eg hadde den første ferien, fortel Helland.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag er det andre bollar med 7 tilsette som har vakt to døger i veka, og direktesamband med Haukeland sjukehus.

- Men bilen var godt utstyrt. Eg fekk utstyr frå husmorforeiningar, sanitetslag, bondekvinnelag og Lions Club.

Flinke og tolmodige

- Nei, - bryt han seg sjølv av midt i ein setning, - Me kunne skrive ei heil bok. Men det kan me no ikkje.

Kva seier Elisabeth om dei åra som har vore?

- Kona, no er det deg, seier Bjørn, letta over at dette intervjuet tek ei forløysande vending.

- Nei, kva skal eg seia då, det har no vore eit team bak då, for å få alt til å gå saman her heime.

Tidlegare, fram til 1987, køyrde ho drosje og Bjørn ambulanse, og så møttest dei i døra.

Det er ikkje få julafter resten av familien er blitt sitjande att etter at faren måtte springa ut dørene. Ved slike høve fekk ungane opna ein presang, og så venta ein med maten til han var komen heimatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg synest dei har vore flinke og tolmodige alle fire, seier mor Elisabeth.

På alvor

Men no er arbeidsdagen over. Den vesle chihuahuaen Kira som var hissig, ja, nesten nebbete i ytterdøra, har lagt seg ned ved sida av journalisten og sleikjer handa og myser ut i den lune stova.

- Og vips så hadde me eit intervju likevel då, seier me.

- Du kan vel laga noko ut av det - men du må laga det fint. Elles så...

Han som har rykka ut på alle døgerets tider, langs smale, glatte vegar i kvar krik og krå i kommunen, visste kven alle var og mest kva dei hadde på maten, men aldri visste kva som venta på staden der nokon trong hjelp, - han treng ikkje rykkja ut lenger.

No ringjer det folk som takkar og gratulerer. Slikt må også takast på alvor. Men med eit heilt anna tempo.