Kø hjå NAV: Mange er permitterte som følgje av at kvardagslivet har stoppa heilt opp. Det merker NAV godt. Samstundes er veldig mange NAV-kontor stengte for å hindra ytterlegare spreiing av viruset.

45.000 søknader om dagpengar ved permittering på fem dagar

Berre i går, måndag 16. mars, mottok NAV 24.900 søknader om dagpengar ved permittering.

I tillegg kom det 2.000 ordinære søknader om dagpengar. Det opplyser NAV på nettsidene sine.

Torsdag i førre veke bestemte regjeringa at alle skular og barnehagar i Noreg skal stengjast som følgje av koronaviruset. Frå same dag byrja søknadene om dagpengar ved permittering å strøyma inn til NAV, og berre dei fem siste dagane har NAV motteke 45.000 søknader om dagpengar ved permittering.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er svært høge tal, og vi antek at dei fleste av desse vert innvilga. Til samanlikning innvilga NAV i toppåret under finanskrisen (2009) vedtak i 48.000 førstegongssøknader om dagpengar ved permittering. Under toppåret i oljekrisen (2016) hadde vi 26.000 førstegongssøknader som vart innvilga, seier arbeids- og velferdsdirektør i NAV, Sigrun Vågeng.

Høgt sjukefråvær

I tillegg til mange søknader om dagpengar, har det ifølgje pressemeldinga vore ei kraftig auke i sjukefråværstilfelle knytt til koronaviruset.

Frå 9. mars til og med 16. mars er 12.200 sjukefråværstilfelle relatert til koronaviruset. I løpet av 16. mars vart det registrert 4.300 nye tilfelle.

– At talet er klart høgare enn Folkehelseinstituttet sine tal over tal smitta, heng saman med at NAVs tal også fangar opp sjukmeldingar med mistanke om smitte. Ettersom det er enkelte seinkingar i rapporteringa, vil det reelle talet på tal sjukefråværstilfelle vera noko høgare, sier Vågeng.

Frå og med i dag kjem NAV også til å koma med ei vekentleg rapportering om kor mange som er arbeidsledige. Dei første tala vert publiserte i ettermiddag.