Marita Wallevik er på jakt etter engasjerte helsesystre med evne til å sjå mennesket bak flyktningen.
Marita Wallevik er på jakt etter engasjerte helsesystre med evne til å sjå mennesket bak flyktningen.

45 nye flyktningar, fem nye stillingar

Os kommune bur seg på storinnrykk av flyktningar og har oppretta fem nye, faste stillingar.

Os kommunestyre har vedteke å ta imot 45 nye flyktningar i 2016. For å sikra god integrerering lyste NAV nyleg ut fire nye, faste stillingar: Tre programrådgjevarar og ein vaktmeister/miljøarbeidar.

- Ein god start er utruleg viktig, seier NAV-leiar Line Naterstad Solheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Flyktningane kan ha store behov som vi ikkje kjenner til. Ved å leggja ned eit stort arbeid i integreringsfasen, gjer vi det lettare for dei å bli ein del av Os.

Ein programrådgjevar gjer alt frå å ynska velkomen på ein flyplass eller busstasjon, til å skaffa bustad og møblar. Det handlar om å planleggja og koordinera mottaket av nye flyktningar og sjå til at busetjinga skjer i samsvar med politiske vedtak.

Vil ha menn

Vaktmeistaren/miljøarbeidaren får nokre av dei same oppgåvene, men skal løysa praktiske utfordringar knytt til busetjing. Difor er utdanning som tømrar, elektrikar eller rørleggjar ein fordel. Her vert dessutan menn oppmoda til å søkja.

NAV-leiar Line Naterstad Solheim får snart fire nye medarbeidarar i stallen.
NAV-leiar Line Naterstad Solheim får snart fire nye medarbeidarar i stallen.

Per i dag består flyktningetenesta i Os kommune av ein avdelingsleiar og to programrådgjevarar. Med andre ord skal staben nesten tredoblast frå 1. februar. Dei nye stillingane vert finansiert ved midlar frå Staten.

- Er det vanleg at de lyser ut heile fire faste stillingar samtidig?

- Nei, det er det ikkje. Men vedtaket frå kommunestyret føreset at tenestene vert bygde ut.

- Er du som leiar nøgd med fire nye stillingar, eller hadde de trengt endå fleire?

- Det er kommunestyret som avgjer tal stillingar og vi held oss til det. Men vi har sjølvsagt fått lagt fram våre behov på førehand, seier Naterstad Solheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helsesyster

Med friske midlar frå Staten, er det også oppretta ei stilling som helsesyster for flyktningar i kommunen. Ei travel Marita Wallevik, leiar for førebyggande helsetenester, er i ferd med å laga utlysingsteksten og vonar på mange gode søkjarar.

- Vi treng engasjerte folk som kan sjå mennesket bak flyktningen. Folk med ei genuin interesse for flyktningearbeidet og det å integrera menneske i det norske samfunnet, seier Wallevik som vonar å ha ei ny helsesyster på plass så raskt som mogleg.

Mange flyktningar treng omfattande helsehjelp. Noko av det fyrste helsesyster gjer, er å kartleggja smittsame sjukdomar og syta for oppdaterte vaksiner. Ho ordnar også med fastlege og tannlegebesøk.

Skøytedag og dugnad

- Mykje av det som er kvardagsleg og sjølvsagt for oss, treng flyktningar å bli rettleia på. Kva gjer ein til dømes om borna dine kjem heim frå skulen med lapp om skøytedag i sekken? Det å bli integrert handlar om alt frå vaksinering, til det å forstå kva dugnad og skidagar er for noko, forklarer Wallevik.

Helsesyster får også ei viktig oppgåve i å formidla norske verdiar og kultur.

- Familierettleiing er viktig. Det kan handla om alt frå prevensjon og familieplanlegging til korleis det å vera foreldre i Norge. Til dømes vert grensesetjing gjort på ulike måtar i ulike kulturar. Difor er det viktig at foreldra får informasjon om korleis vi gjer dette i Noreg, seier ho.

Tabu

Kva flyktningar som kjem til Os vert truleg avgjort i løpet av dei nærmaste vekene. Det som er sikkert er at det vert nokon av dei som i dag sit på mottak og ventar på plass.

- Får flyktningane psykisk helsehjelp når dei kjem hit?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, i den fyrste helsesamtalen vert psykisk status kartlagt. Det er mange som slit, men utfordringa er at psykiske sjukdomar er tabu i heimlandet. Difor prøver vi å ufarleggjera ved å heller snakka om "tankekøyr" enn diagnosar, forklarer Wallevik.

Ho legg til at både spesialist- og kommunehelsetenesta er budde til å hjelpa ved behov.

I alle samtaler vert det nytta ein telefontolk.

- Det kan vera vanskeleg nok for nordmenn å setja ord på sine inste kjensler, korleis er det då å måtta snakka gjennom eit anna menneske?

- Det er klart det er vanskeleg, men vi har flinke folk som stiller konkrete spørsmål og gjev seg tid til å venta på svar, seier Wallevik.