Karantene: Medrekna dei som må i ventekarantene, er det truleg snakk om fleire hundre personar som no må halda seg heime.

55 elevar og fem tilsette i karantene: - Foreldre og søsken må reisa heim snarast

Husstandsmedlemer må umiddelbart gå i ventekarantene.

Tidlegare i dag vart det kjend at ein tilsett ved Os ungdomsskule i går, onsdag, testa positivt for covid-19.

Testen vart teken i ein annan kommune, og har ikkje samband med ungdomsfesten sist veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skriv kommunen på si heimeside.

55 elevar i to 8. klassar og fem tilsette ved skulen er rekna som nærkontaktar.

Dei har fått beskjed om å testa seg snarast, og halda seg i karantene i 10 dagar.

Ventekarantene

Husstandsmedlemer av nærkontaktane må vera i ventekarantene til første negativ test ligg føre hos nærkontakten.

Os ungdomsskule har sendt heim elevane i dei to aktuelle 8. klassane, og gitt føresette beskjed via SMS.

Alle som bur saman med nærkontaktane eller andre tilsvarande nære, må altså vera i ventekarantene til nærkontaktane har fått negativt prøvesvar.

— Dette betyr at foreldre, søsken og andre nære skal reisa heim frå jobb, skule og barnehage snarast og halda seg i ventekarantene fram til testresultatet er klart, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Unntak for vaksinerte

Unntaket er dersom nærkontakt eller husstandsmedlemmer er fullvaksinerte mot covid-19 dei siste 6 månadane eller allereie har gjennomgått covid-19-sjukdom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då treng dei ikkje gå i karantene/ventekarantene, seier Melf.

Dersom ein nærkontakt har fått éin dose med vaksine for minst tre veker sidan, treng dei heller ikkje gå i karantene/ventekarantene.

— Men dei må likevel testa seg mellom dag tre og sju i denne perioden, seier Melf.