Foreldrepengar: Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) seier det er identifisert 5500 fedrar som er fråtekne foreldrepengar på grunn av Nav-feilen.

5.500 får utbetalt foreldrepengar etter Nav-feil

Frå januar 2019 til september 2021 har Nav identifisert 5.500 fedrar som er fråtekne foreldrepengar på grunn av feil lovpraksis. Det blir truleg endå fleire.

– I perioden 1. januar 2019 til 30. september 2021 er det identifisert om lag 5.500 personar som er ramma av praktiseringa, opplyser barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) til Altinget.

Ho siktar til Navs ulovlege praksis om å setja ein frist for når fedrar må søkja om å utsetja fedrekvoten for deretter å ta foreldrepengar frå dei som søkte etter fristen. Praksisen går tilbake til 2007.

Artikkelen held fram under annonsen.

Feilen har ført til at fleire fedrar vart fråtekne heile fedrekvoten på 75 dagar, medan andre mista delar av han. For enkelte er det snakk om etterbetaling av svært store beløp.

Fleire gonger har fedrar klaga på praksisen utan å få medhald, men få dagar før jul tapte Nav i Høgsterett.

Toppe seier det er krevjande å finna ut korleis råka fedrar som har fått saka behandla med gamalt saksbehandlingssystem, best kan identifiserast og bli nådd, men lovar at det skal ryddast opp.

– Arbeids- og velferdsdirektoratet opplyser at dei førebur automatisk utsending av brev til dei identifiserte med informasjon om at Nav tek saka deira opp til ny vurdering, seier Toppe som svar på eit skriftleg spørsmål frå leiaren av Stortingets barne- og familiekomité Grunde Almeland (V).