Det ser lyst ut med tanke på å få bygd opp eit nytt skulebibliotek i Strandvik, både med vanlege bøker og med fullverdig digitale løysingar tilpassa vår tids ungdom.
Det ser lyst ut med tanke på å få bygd opp eit nytt skulebibliotek i Strandvik, både med vanlege bøker og med fullverdig digitale løysingar tilpassa vår tids ungdom.

60.000 kroner til skulebiblioteket

På tre-fire dagar har Strandvik Tor AS fått inn over 60.000 kroner til nytt bibliotek.

I onsdagsutgåva gjekk styreleiaren i Strandvik Torg AS, Svein Lang, ut og oppmoda aksjonærar, leverandørar og privatpersonar til å gje ei pengegåve som skal nyttast til innkjøp av bøker til den nye Montessori-skulen i Strandvik.

- Berre i løpet av tre-fire dagar har me fått inn rundt 60.000 kroner. Det er ein mykje større sum enn eg hadde rekna med, seier Svein Lang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed ser det lyst ut med tanke på å få bygd opp eit nytt skulebibliotek, både med vanlege bøker og med fullverdig digitale løysingar tilpassa vår tids ungdom.

- Ein stor dugnadsinnsats vert lagt ned med oppussing av skulen i desse dagar, og me er svært glade for at borna no også får ei ny biblioteksamling, seier Lang.

- Er innsamlingsaksjonen ferdig no?

- Nei, det er han ikkje. Dei som ynskjer å gje eit bidrag er hjarteleg velkomne, seier han.