Usikre tal: Tala for sist veke kan endra seg ettersom kommunen får svar på fleire PCR-testar.

61 nye smitta sist veke: Litt nedgang, men ventar framleis mange svar

Samtidig ventar kommunen svar på mange oppfylgjande PCR-testar.

Det vart registrert 61 nye smitta, stadfesta med PCR-testar ved teststasjon, i Bjørnafjorden kommune i veka som gjekk.

Det melder Bjørnafjorden kommune på si heimeside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei smitta er:

* 21 born og unge i alderen 0 til 17 år.

* 40 vaksne over 18 år.

31 av dei smitta er fullvaksinerte, seks delvis vaksinerte og 24 er uvaksinerte.

42 av dei smitta har kjend smitteveg medan 19 har ukjend smitteveg.

35 er smitta i husstanden.

Det er litt nedgang i smittetala frå veke 47, men det er teke mange hurtigtestar og kommuneoverlegen ventar svar på oppfølgjande PCR-testar.