Trafostasjon: Det er førebels ikkje kjend kva som er årsaka til at det byrja å brenna i denne trafostasjonen.

700 mista straumen måndag kveld etter brann i trafostasjon

Kunne blitt storbrann hadde det skjedd seinare på natta.

Fleire enn 700 kundar mista straumen etter at det byrja å brenna i ein trafostasjon på Hjelle litt før kl. 22.30 måndag kveld.

Hjelle: Fleire enn 700 kundar mista straumen måndag kveld etter brann i ein trafostasjon på Hjelle.

Bjørnafjorden brann og redning rykte raskt ut og vart møtt av ei heftig røykutvikling.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Då vi opna opp skapet var det ganske god brannutvikling også, seier brannsjef Espen Storum.

Til alt hell melde bebuarar raskt frå til brannvesenet, men Storum fryktar kva som kunne skjedd om brannen hadde oppstått på natta når folk søv.

— Trafostasjonen ligg berre to meter frå nærmaste nabohus, så om brannen hadde fått utvikla seg, hadde spreiingsfaren vore ganske stor.

Sette opp aggregat

Brannen førte uansett til at fleire enn 700 kundar mista straumen.

BKK kom raskt til staden og fekk kopla om nærmare 500 kundar ved å overføra dei til ein annan trafostasjon.

— Dei resterande vart etterkvart kopla over til eit aggregat i løpet av natta, fortel pressevakt Per Rune Henriksen.

Alle har altså fått tilbake straumen, men sjølve skaden vert ikkje utbetra før utpå dagen.

Politiet var på staden og har oppretta sak etter hendinga. Det stadfester politioverbetjent Christine Grindstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

BKK skal ha utført vedlikehald i området same dagen, men ikkje i den aktuelle trafostasjonen.