Det var stinn brakke i Oseana tysdags kveld då fire kommunar kring Bjørnefjorden arrangerte felles kommunestyremøte om mogleg samanslåing.
Det var stinn brakke i Oseana tysdags kveld då fire kommunar kring Bjørnefjorden arrangerte felles kommunestyremøte om mogleg samanslåing.

"7312 problemer funnet"

Då denne meldinga frå antivirusprogrammet til Telemarksforskning blinka på storskjermen i Oseana, var det ikkje fritt for at salen tok det som ei oppsummering av rapporten om kommunesamanslåing.

Den komiske timinga kunne knapt vore betre. Etter at Telemarksforsking hadde lagt fram ein rapport som inneheldt få argument for kommunesamanslåing kring Bjørnefjorden, gjekk ordførar i Fusa, Atle Kvåle, på talarstolen og fortalte at han no er blitt meir skeptisk, ikkje mindre, til kommunesamanslåing.

- Det blir stadig fleire x-ar og y-ar i dette reknestykket. Det er mange spørsmål utan svar, sa ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då kom feilmeldinga på storskjermen, og latteren braut laus i salen.

Samanslåing er tapsprosjekt

For konklusjonen i rapporten som Telemarksforsking like før hadde lagt fram for kommunestyra i Fusa, Os, Austevoll og Tysnes var følgjande: Alle dei fire alternativa for samanslåing vil gje negativ økonomisk effekt. Minst dårleg kom det alternativet som gjaldt samanslåing av Os og Fusa ut. Der vil inntektene gå ned med 14,8 mill. kroner årleg etter at ein 20-års-periode med statleg refusjon er overstått. Samtidig vurderer rapporten at ein kan spara inn 14,3 mill. kroner i Fusa ved å kutta administrasjonen ned til Os-nivå. I så fall vil det "berre" vera 0,6 mill. kroner tenestene i den nye samanslåtte kommunen må spara inn.

- All administrasjon til Os?

Men ordførar Terje Søviknes hadde følgjande "gladmelding" til sine politikarkollegaer:

- Os har nestlågast administrasjonsutgifter i landet, sa ordføraren.

Å få Fusa sine administrasjonsutgifter ned på Os-nivå, vil då bety at ganske mange administrativt tilsette i Fusa må slutta i jobben. Fleire i salen meinte at dette var urealistisk. Og det vil sjølvsagt vera tenestene i kommunen som får svi, dersom innsparinga på administrasjon vert som forventa. Roger Hoel i Fusa kommunestyre (uavhengig), peikte på elefanten i rommet:

- Går ein her ut frå at all administrasjon hamnar i Os? Har de ikkje sett på moglegheita for at t.d. Fusa kan behalda sørvistorget sitt?

Kjetil Lie i Telemarksforsking svarte at: nei, det var rein matematikk som låg til grunn, og at dette difor ikkje var rekna inn.

Vekstkommunar tapar på samanslåing

Dei andre samanslåingsalternativa kom endå dårlegare ut i det økonomiske reknestykket. Os-Fusa-Tysnes-kommunen vil måtta skjera ned 11,2 mill. kroner på tenestene. Os-Fusa-Tysnes-Austevoll-kommunen slepp unna med 9 mill. kroner i tenestekutt. Os-Tysnes-kommunen vil måtta skjera ned 10 mill. kroner i tenestetilbodet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjetil Lie forklarte at mykje av årsaka til tapet, er at Os kommune mistar vekstkommunetilskotet sitt ved å gå saman med små kommunar som ikkje veks sterkt. Dette er for Os sin del på 10-11 mill. kroner årleg.

Han oppfordra kommunestyret i Os til å driva lobbyverksemd inn mot regjeringa for å få avklart om det kan vera rett at vekstkommunar skal tapa på samanslåing.

Ei lunken mottaking i salen

Rapporten fekk ei ganske lunken mottaking av salen. Noko av kritikken gjekk på at deler av rapporten hadde kome fram til sjølvsagte ting - som at det er tungvint å ta ferjer mellom dei fire kommunane. Mikal Leigland (Fusa Sp) sa i kaffipausen at rapporten var dårleg, og Telemarksforskning måtte tola ein del kritiske spørsmål frå ei kompetent og oppegåande forsamling.

- Eg er bekymra for det kommunesenteret som me har bygt opp dei siste 50 åra, og tenkjer på alle dei som har sitt daglege virke der. Dei arbeidsplassane ser ut til å bli pulverisert og flytta til Os, sa Leigland.

Tidlegare ordførar på Tysnes, Kjetil Hestad (Ap), kritiserte forskarane for å ha lagt SSB-tal til grunn for folkevekst, utan å tenkja på kva nye motorvegen gjennom Hordaland vil ha å seia for folkevekst - også i små kommunar som Tysnes og Fusa.

- Os bør tenkja seg om

Sjølv om Mikal Leigland var skeptisk, meinte han likevel at Os burde tenkja seg nøye om - dersom dei ikkje skal bli slukt av Bergen.

- Dersom de ikkje finn samarbeidspartnarar rundt Bjørnefjorden, trur eg vegen til Bergen vert kortare enn den de held på å byggja no, sa Leigland.

Ordførar Terje Søviknes (Frp) gav Leigland til ein viss grad rett, og oppfordra forsamlinga til å løfta blikket:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva er det eigentleg me vil i vår del av Hordaland? Skal me laga ein kraftfull region sør for Bergen? Alternativet er at me kan bli drege i kvar vår retning, basert på kva som er dei naturlege bu- og arbeidsregionane rundt oss, sa Søviknes.

Ole Sverre Lund i Telemarksforsking sa då også at ingen av kommunane høyrer til ein felles bu- og arbeidsregion. Tysnes høyrer saman med Stord. Os og Fusa har felles Bu- og arbeidsregion med Bergen, medan Austevoll står på eigne bein med høg grad av sysselsetjing i eigen kommune.

Samtlege vil helst stå åleine

Søviknes konkluderte likevel med at Os kommune er "laid-back", men sa at døra står open for å diskutera med dei kommunane som måtte fatta vedtak om at dei vil gå i lag med Os.

Basert på det som kom fram møtet i Oseana tysdag kveld, er det derimot lite som tyder på at ein slik invitasjon vil koma. Telemarksforskning hadde spurt samtlege kommunar kva dei helst ville, og samtlege hadde svart at dei helst vil vera ein eigen kommune som i dag.

Fristen for å koma med lokale vedtak om samanslåing går ifølgje tidsplanen frå regjeringa ut våren 2016. Det er difor venta at desse diskusjonane intensiverer seg så snart haustens budsjettarbeid er overstått.