(Arkiv
(Arkiv

80 km/t i 60-sona

Dei blei delt ut fleire bøter og prikkar på førarkortet då politiet i Fusa hadde laserkontroll søndag.

Søndag ettermiddag hadde fartskontroll i 50-sona ved Bergegrend.

- I løpet av éin time blei det delt ut fem forenkla førelegg, seier politioverbetjent Ove Ivarhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det høyrast mykje ut?

- Det er ein del trafikk søndag ettermiddag. Vi har hatt verre resultat enn som så, fortel Ivarhus.

Høgaste farten var 67 km/t.

- Då får ein bot på 5.350 kroner og tre prikkar på førarkortet, seier Ivarhus.

Flytta seg til Sævareid

Etter at politiet var ferdige med kontrollen ved Bergegrend, flytta dei seg til Sævareid. Politiet stod også her i éin time. I 60-sona blei det skrive ut to forenkla førelegg. Høgaste farten av dei to var 80 km/t.

- Også vedkomande måtte ut med 5.350 kroner og fekk tre prikkar på førarkortet, seier Ivarhus.