Norges Miljøvernforbund kjempar for livet til Havnesjefen.
Norges Miljøvernforbund kjempar for livet til Havnesjefen.

Aksepterer ikkje vedtaket

Norges Miljøvernforbund vil ikkje sitja og sjå på at kommunen tek livet av Havnesjefen. Dei krev at Os kommune gjer om på vedtaket om å avliva knoppsvana.

– Vi føler at det er på tide at nokon snakkar svanas sak, seier Ruben Mjelde Oddekalv til Os & Fusaposten, og peikar på at denne saka er større enn Havnesjefen.

Ta eit skritt tilbake

Oddekalv er organisatorisk nestleiar i Norges Miljøvernforbund. Han meiner at det er på høg tid at det allmektige menneske tek eit skritt tilbake og gjer plass til andre skapningar i våre omgjevnader.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er potensielt farleg å leva. Det er difor vaksne som har born, har eit særleg ansvar for å passa på. Det er ikkje slik at dersom eit av borna hadde gått av stien på veg til stranda og blitt biten av ein hoggorm, så hadde det vore hoggormens feil. Det hadde heller ikkje vore den ansvarlege vaksenes feil heller. Det er berre ein av faktorane ein må akseptera når ein er eit menneske, seier Oddekalv.

Ikkje ein tiger

Oddekalv reagerer på at folk snakka om Havnesjefen som om det er eit livsfarleg dyr på lik line med ein tiger.

– Saka har til no våre prega av dramatikk, men det er knapt nokon som har sett fingeren på at det faktisk ikkje er snakk om anna enn ei fugl på 10–13 kilo som passar på ungane sine, og ikkje ein tiger som et menneske frå ei landsby i India, seier Oddekalv.

– Fullt mogleg å trekkja seg unna

Norges Miljøvernforbund har sendt eit skriv til kommunen der dei krev at dei gjer om vedtaket om å avliva Havnesjefen.

– Norges Miljøvernforbund har med aukande uro følgt mediedekninga etter dette uheldige tilfellet kor eit barnehageborn blei forulempet av den noko overbeskyttande havnesjefen. Vi blei veldig overraska då vi måndag 3. juli 2017 kunne lesa at kommunen hadde fatta eit vedtak om at svana skulle avlivast. Det man i praksis gjer er å beskytte eit fåtal menneske mot å møta natur når dei oppsøkjer naturen. Vi er av den oppfatning at all bading, turgåing i strandsonen, båtliv etc. er ulike måtar å oppsøkje naturen på. Blir man under utføring av nokre av desse aktivitetane forulempet av dyr eller andre forhold man finn ubehagelege er det fullt mogleg å trekkja seg unna.

Har teke imot mange meldingar

NMF skriv også at knoppsvaner av natur er svært beskyttande overfor sine avkom og sine revir, noko dei fleste i Os kommune etter mange år med Havnesjefen har fått erfara.

– Trass i dette har Havnesjefen med make og avkom blitt ein attraksjon i Os sentrum, og det er mange som har uttrykt glede over dette innslaget av natur i ein elles travel bygd som Os. NMF har i desse dagar motteke ei lang rekkje meldingar frå våre medlemmer, innbyggjarar i Os og andre som har frykta at kommunen no skulle mista denne attraksjonen.

NMF hadde eit håp om at kommunen skulle fatta eit fornuftig vedtak både for ta vare på svaneredde innbyggjarar, og for å ta vare på Havnesjefen og heile familiegruppa han ønskjer å beskytta frå nærgåande menneske.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunen gjekk diverre motsett veg, og vedtek å fjerna flokkens beskyttar og forsørgjar på eit tidspunkt då dette kan medføra at avkommet ikkje får tilstrekkeleg beskyttelse og omsorg, og dør som følgje av kommunens tvilsame vedtak.

Kan gå med på flytting

Oddekalv og Norges Miljøvernforbund meiner dessutan at Os kommune ikkje har tilstrekkeleg lovmessig dekning for vedtaket.

– NMF kan ikkje sjå at paragraf 18c, som vedtaket er forsøkt hjemlet i, gir tilstrekkeleg dekning for eit så drastisk vedtak. I lova heiter det at: «Vedtak etter første ledd bokstav a til f kan bare treffes hvis uttaket ikke truer bestandens overlevelse og formålet ikke kan nås på annen tilfredsstillende måte.»

NMF avsluttar brevet med å seia at dei i yttarste konsekvens kan gå med på at familiegruppa blir flytta til ei meir eigna stad, men at dei helst ser at kommunen gjer om vedtaket og heller legg midlar i å gjera avbøtande tiltak, varsla brukarar av strandsona og legg til rette for at både innbyggjarane i Os, Havnesjefen med familie blir varetekne på best måte.

– NMF vil ikkje akseptera avliving og vil gjera det vi kan for å få stoppa fullbyrding av vedtaket.