UP: Nokre dagar etter skulestart, stilte UP seg opp nær Borgafjellet barneskule. Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Aksjonerte på skulevegen i Hegglandsdalen

UP fann litt å plukka på under torsdagens «Aksjon skolevei».

Om lag klokka 11 gjennomførte UP-patruljen ein trafikkontroll i Hegglandsdalsvegen i samband med «Aksjon skolevei».

Tre bilførarar fekk forenkla førelegg for å ha køyrt for fort. Den høgste farten var 65 km/t i 50-sona.

Ein person fekk gebyr for å ikkje ha brukt bilbelte. I tillegg bles 37 sjåførar i alkometeret, men her var det ingen utslag.