Det er mykje å tenkja på for at oppskyting av fyrverkeri skal gå føre seg så trygt som mogleg. Brannsjef Stein Gjøsund har fleire tips og nyttig informasjon i forkant av nyttårsfeiringa. (Arkiv
Det er mykje å tenkja på for at oppskyting av fyrverkeri skal gå føre seg så trygt som mogleg. Brannsjef Stein Gjøsund har fleire tips og nyttig informasjon i forkant av nyttårsfeiringa. (Arkiv

- Alkohol og fyrverkeri går ikkje saman

Brannsjef Stein Gjøsund har sjølv erfart at å blanda drikking og oppskyting av fyrverkeri ikkje er ein god idé.

- Eg budde i Bergen på 80-talet. Då jobba eg i Bergen brannvesen. Eg hugsar ein episode på Skansen. Der opplevde vi at folk fyrte av rakettar mellom beina på folk i ei folkemengde. Ein edru person ville nok tenkt klarere enn som så, seier Gjøsund.

- Gå så langt bort som mogleg

Laurdag er siste dagen i 2016. Nyttårsaftan er eit høgdepunkt for fyrverkeri-frelste nordmenn, og sjølv om Os har si eiga markering med stort fyrverkerishow 1. januar, er det tenkjeleg at mange også vil fyra opp sitt eige fyrverkeri på nyttårsaftan. Då er det mange omsyn å ta.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Oppsending av fyrverkeri vert regulert i politivedtektene. Det er lov å skyta opp mellom klokka 18.00 og 02.00 nyttårsaftan. Det er ikkje lov med pinnerakettar utan naudsynt kompetanse. Batteria kan også vera skumle. Syt for at dei står støtt. Går dei ikkje av skal ein sikra området, og venta minimum 30 minutt før ein går bort for å sjekka dei. Ikkje tenn på på nytt, seier Gjøsund.

Åtvarar mot bengalske lys

Brannsjefen seier at bruk av vernebriller er eit must, og at ein må lesa brukstilvisinga, samt kontrollera at fyrverkeriet ikkje er skada.

- Bruk strak arm, og stå ikkje over fyrverkeriet når du tenner på. Gå så langt unna som mogleg etter at du har tent på, seier Gjøsund.

Bengalske lys er strengt ulovlege fordi dei har eit brennkammer med stearin eller tennmiddel under.

- Papirlyktene stiger til vêrs, med flytande varm væske under. Om det kjem vind, eller dei er borti noko, kan dei tippa over og brennande væske kan koma på tak og anna brennbart materiale. Dette har tidlegare, og kan framleis antenna brannar. Eg vil sterkt åtvara mot å bruka dette i eit tettbygd område, seier Gjøsund.

Brannfarlege naudrakettar

Naudrakettar er heller ikkje lov til å skyta opp på nyttårsaftan, og det er ikkje berre fordi lyset kan forvekslast med ein naudsituasjon.

- Dei utgjer ein spesiell fare om det er tørt vêr. Naudrakettane kan antenna årsgammalt gras. I tillegg kan dei starta brann i bygningar, då dei blir svært varme. Dei er berekna til bruk til havs, seier Gjøsund.

Kontrollerer utsalsstadene

Før ein skal fyra opp fyrverkeri, er det lurt å gjera ei enkel risikovurdering.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kvar skal eg stå? Kva kan gå gale, og kva skal eg då gjera? Born i 4-års alderen får gjerne eit stjerneskot eller to. Skal dei til dømes stå med dette på terrassen, er det lurt å ha ein bøtte med vatn ståande. For om dei tek fingrane bort på glørne, så gjer det frykteleg vondt. Ein bør ha ein plan, for brannskader skal kjølast ned med ein gong.

Brannvesenet kjem også til å føra tilsyn med utsalsstadene. Dei ser på om dei er i samsvar med søknaden, om seljarane har kompetanse, og om det er slokkemiddel tilgjengeleg. Det er heller ikkje lov å ha skarpt fyrverkeri liggande på diskane, eller å ha for store mengder på utsalsstadene.

- Dette gjer vi kvart år. Det har ikkje vore dei store problema. Det ligg av og til noko skarpt på diskane, eller så kan seljarane ha gløymd å setja opp "forbod mot røyking"-skilt. Ein gong har eg opplevd at ein seljar ikkje hadde søkt om å få lov til å selja fyrverkeri. Seljarane i Os opptrer vanlegvis ansvarleg. Det er færre utsalsstader enn tidlegare. Det er nok grunna forbodet mot pinnerakettar.

For å unngå skade

Sist, men ikkje minst, ønskjer brannsjefen alle ei god og trygg feiring.

- Reglane er ikkje for å ta vekk sjarmen eller kosen med feiringa, men for å hindra at born og unge skadar seg, eller at ein tenner fyr på annanmanns eigedom eller naturen. Om ein held seg til reglane, så går det heilt fint å senda opp fyrverkeri, seier Gjøsund.