Kansellert: Torghatten Nord melder om kanselleringar i ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg.

Alle avgangar innstilte inntil vidare

På Halhjem kan ein koma seg til Våge med Fjord1, men ikkje til Sandvikvåg. Årsaka skal vera tåke.

På heimesida si melder Torghatten Nord om kansellering i ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg. Alle avgangar i sambandet er kansellerte inntil vidare. Dette skuldast tett tåke.

Les også
Ferjene er i trafikk att

Det stadfestar også ein tilsett i selskapet. Ho viste til driftssjefen for vidare kommentarar, men der kom ikkje vi gjennom på telefon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein lesar tipsa om at ferja går til Våge, men ikkje til Sandvikvåg.

OPPDATERT: Etter kanselleringar grunna tåke torsdag morgon, er ferjene i trafikk att på Halhjem-Sandvikvåg.

Det melder Torghatten Nord på sine heimesider.

Selskapet opplyser at ein må rekna med ein del forseinkingar utover dagen grunna tåke.