Oppfordrar folk til å gje: Via SPLEIS-en «Julegavehjelp i Bjørnafjorden», kan du gjera ditt for at vanskelegstilte får tak i julegåvene dei treng til seg og sine. Bak frå venstre - Rune Åsheim Moe, Siri Ann Dalseide. Framme - Zsolt Korcsmár og Anne Lise Johnsen.

AMFI Os og Os Fotball vil hjelpa vanskelegstilte i Bjørnafjorden med å kjøpa julegåver

«Julegavehjelp i Bjørnafjorden» er namnet på SPLEIS-en som no er oppretta. Parallelt vert vanskelegstilte i kommunen oppfordra til å søkja om hjelp til å få kjøpt julegåver.

– Det har vore eit tøft år, og fleire enn me trur, slit gjerne med å få pengar til å kjøpa julegåver denne jula, seier senterleiar på AMFI Os, Siri Ann Dalseide.

Fredag føremiddag inviterte ho til pressetreff på senterkontoret. Til stades var også dekoratør og marknadsarbeidar, Anne Lise Johnsen, og Rune Åsheim Moe og Zsolt Korcsmár frå Os Fotball.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er veldig glade for å kunna dra i gang dette veldedige arbeidet i lag med Os Fotball. Me har samarbeidd mykje med dei opp gjennom åra, og er difor sikker på at dette blir eit godt opplegg, seier Dalseide.

SPLEIS-en vil vara fram til tysdag 15. desember.

– Me har sjølv sett inn 10.000 kroner for å starta det heile, så får me berre venta å sjå kor mykje pengar det blir til slutt, seier Dalseide.

Gjevande arbeid: Assistenttrenar for Os A-lag, Zsolt Korscmár, har bidrege med julegåvehjelp tidlegare. Han synest det er ekstra gjevande å køyra ut med pakkar til dei som har søkt om hjelp.

– Ein utruleg kjekk jobb

Tidlegare proffspelar Zsolt Korcsmàr har vore med på liknande opplegg fleire gonger tidlegare. Han er glad for å kunna bidra i eit slikt prosjekt også i Bjørnafjorden.

– Eg har vore med og samla inn pengar til julepresangar i Ungarn (Zsolts heimeland) og i Danmark. Det har vore gjevande arbeid, og det kjekkaste har vore å køyra ut med gåvene til dei som har søkt om hjelp, seier Korscmár.

Og den jobben skal han få gleda av å gjera her også.

– Os Fotball skal ta seg av mykje av distrubisjonen. Me vil oppretta eit pakkelager her på senterkontoret, og så vil me, Rune og Zsolt og dei i Os bringa vidare til dei som skal ha gåvene, seier Dalseide.

Kan søkja for andre

Frå og med i dag (fredag) vil det på heimesida til AMFI Os liggja ute eit søknadsskjema der folk kan søkja på hjelp til julegåver.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då vil ein kunna kryssa av for kva type julegåve ein ønskjer hjelp til, og heilt frivillig få høve til å fortelja litt om kvifor ein nett treng denne hjelpa, fortel Dalseide.

Ho presiserer at søknaden sjølvsagt vil handsamast heilt konfidensielt.

Rune Åsheim Moe minnar om at det ikkje berre er dei som treng hjelp som kan søkja.

– Ein kan også søkja på vegner av andre, seier Os-spelaren.

– Ja, det trur eg er litt viktig å få med. Det er ikkje alle som treng hjelp, som våger å gå til det skritt å be om det, seier Anne Lise Johnsen.

Intensivt prosjekt

Samarbeidspartnarane går no breitt ut og ber både firma og privatpersonar bidra til SPLEIS-en.

– Me anar jo ikkje kor mykje pengar me får inn, men me har heilt klart eit ønske om å kunna hjelpa alle som søkjer, seier Dalseide.

Ho legg til at dei er samde om at gåvene ikkje skal pakkast inn før dei blir køyrde ut til dei som får dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil i staden laga til pose med band og julepapir. På den måten vil kvar enkelt som mottek hjelp til julegåver få litt meir eigarskap til pakken som dei skal gje bort, seier Dalseide.