Knut Røsjorde (administrerende direktør) Anita Gjertsen (regionsjef), Anita Lyssand, Adam Schjølberg og Tore Petterson (konferansierar).
Knut Røsjorde (administrerende direktør) Anita Gjertsen (regionsjef), Anita Lyssand, Adam Schjølberg og Tore Petterson (konferansierar).

Anita Lyssand er årets butikkleiar på Vestlandet

Anita Lyssand er kåra til årets butikkleiar på Vestlandet i kosmetikkkjeden VITA.

- Regionens butikkleiar er ein person som utviser eit brennande engasjement, er svært målretta, ho har godt humør og stor arbeidsglede. Ho stiller høge krav til både seg sjølv og sine medarbeidarar i forhold til at butikken til ei kvar tid skal vera strøken, og at dei som team skal oppnå gode resultat. Anita jobbar fokusert og målretta, skryter juryen i si grunngjeving.

Prisen vart delt ut då kosmetikkjeden nyleg kåra sine beste butikkleiarar under VITA Awards. Årets samling fann stad på Clarion Airport i Oslo hotell med 500 feststemte deltakarar.