Begge dei to som var involverte i tumultane i sentrum i natt, vart tekne inn til avhøyr.
Begge dei to som var involverte i tumultane i sentrum i natt, vart tekne inn til avhøyr.

Anmeldt etter slagsmål i sentrum

Ein ungdom og ein mann i 30-åra rauk i tottane på kvarandre.

Begge partar blei tekne med til Os lensmannskontor for avhøyr og begge blei dimmiterte etterpå. Ungdomen er anmeldt for forholdet.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Under ei ransaking fredag kveld på bakgrunn av ei straffesak på ei adresse i Os, blei det blant anna funne ein raud Gary Fisher-sykkel.

Politiet undersøkjer om dette kan vera sykkelen som blei meldt stolen frå Hamnegata fsist laurdag.

I går ettermiddag fekk politiet melding om lange køar på E39 sørgåande mot Halhjem. På eit tidspunkt stod trafikken heilt frå Moberg. Meldar mistenkte tekniske problem med ferjene, men desse var i normal drift.