Familieidyllen er stor når svane-bornaer små, men når dei veks til, blir dei jaga frå familien. (Arkivfoto)
Familieidyllen er stor når svane-bornaer små, men når dei veks til, blir dei jaga frå familien. (Arkivfoto)

Apatisk, blodig svane i vegen

Brannvesenet måtte i dag tidleg ta hand om ein svane som hadde vore i kamp med far sin, Havnesjefen.

- Dette er naturens gang. Ungane er i ferd med å bli jaga av foreldra. Dei jagar ikkje heile flokken på ein gong, dei tek ein og ein unge. Denne har nekta å gje seg, og prøvd å returnera ved fleire høve. Eg har sett dramaet frå stovevindauget kvar dag, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Fekk vitja brannstasjonen

I går kveld ringte ei kvinne og meldte om ein svane med blod på halsen som hadde gått på land ved Irisbygget. Svana skal ha stått heilt i ro og sett apatisk ut i lufta.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Svana hadde blod på halsen etter å ha blitt pikka på av dei andre, seier Gjøsund.

I dag tidleg tok politiet kontakt. Då hadde svana gått bort i vegen ved Osbanen.

- Vi sendte ut to mann for å ta hand om svana. Ho blei tatt med inn på brannstasjonen, der ho stod til klokka 09.00 i dag tidleg. Eg hadde tenkt å sleppa ho ut i Øyane, men Sølvi Bugge sa at det føregår ein revirkamp der, så vi sleppte ho ut i Vargavågen, seier Gjøsund.

Morsinstinktet slår inn

For tre veker sidan fekk brannvesenet fleire meldingar som gjekk på det same. Ei svane i vegbanen, som stod heilt i ro.

- Då var det på Særvoll. Denne svana blei frakta til vasskanten, seier Gjøsund og held fram:

- Ungane skal ut av familien. Svanene planlegg sikkert nye egg til våren. Då må fjorårskullet ut. Det er litt meir brutalt enn når vi skal jaga ungdomen ut heimefrå.

Meldingane som har kome inn, har stort sett vore frå kvinner.

- Det verkar som at det er godt vaksne kvinner som engasjerer seg. Det er nok morsinstinktet som slår inn. Ein må som sagt berre ha forståing for at slik er det berre, og at naturen går sin gang, seier Gjøsund.