Ein strålande blid Fusa-ordførar har teke turen over fjorden, men helsar gladeleg heim til fusingane.
Ein strålande blid Fusa-ordførar har teke turen over fjorden, men helsar gladeleg heim til fusingane.

Arbeidarpartiet inviterte opposisjonskameratane til valvake

Ap, V, KrF og MDG held felles valvake på Bart i kveld.

Ein strålande blid Fusa-ordførar har stilt seg i kø ved disken på Peppes. Uansett kva som skjer i valet, blir han ikkje ordførar etter nyttår. Men det ser ikkje ut til å plaga den blide 68-åringen.

Sjefen sjølv, Trine Lindborg, ser også overraskande roleg ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er litt uverkeleg at valkampen no er over. Men uansett kva som skjer, så har eg ein jobb å gå til i morgon, smiler ho.

Partikollega Tone Hepsøe nikkar.

– Eg er glad valkampen er over, men no er vi optimistar. Det som ikkje er gjort til no, får vi ikkje gjort noko med, seier ho.

Ei herleg blanding av fusingar og osingar er klare for valvake.
Ei herleg blanding av fusingar og osingar er klare for valvake.
Gustav Folkestad (t.v.) har vore i politikken i mange år, men er debutant på valvake. Her med tredjekandidat Henrik Johannessen.
Gustav Folkestad (t.v.) har vore i politikken i mange år, men er debutant på valvake. Her med tredjekandidat Henrik Johannessen.
Fire MDG-arar sit smørblide i ein sofa, Knut Børgesen (f.v.), Trine Hofsvik Strønen, Ole Henning Bøe og Leon Åserød.
Fire MDG-arar sit smørblide i ein sofa, Knut Børgesen (f.v.), Trine Hofsvik Strønen, Ole Henning Bøe og Leon Åserød.

Får heller bli skuffa

Borte i sofaen har fire smørblide MDG-arar slått seg ned. Knut Børgesen, Trine Hofsvik Strønen, Ole Henning Bøe og Leon Åserød.

– Kva står på programmet for kveldens valvake?

– Klemming, ler Strønen og legg armane kring ein lattermild Knut Børgesen.

– Trine er valkampkoordinatoren vår og har gjort ein fantastisk jobb, kvitterer han.

– Så Arbeidarpartiet får konkurranse dersom dei påstår at det er dei som har verdas beste Trine?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å ja, det er det vi som har, blunkar Åserød.

Dei fire ser ingen grunn til å kvi seg til valkvelden.

– Nei, vi er optimistar og har tenkt å nyta det som kjem. Så får vi heller ta sjansen på å bli skuffa, seier Ole Henning.

Debuterer på valvake

Medan KrF enno ikkje har meldt sin ankomst, har Venstres ordførarkandidat Gustav Folkestad og 3. kandidat Henrik Johannessen, slått seg ned ved eit bord.

Rutinerte Folkestad frå Eikelandsosen er faktisk på sin aller fyrste valvake nokonsinne.

– Eg veit ikkje kvifor, men vi har ikkje hatt nokon tradisjon for slikt i Fusa. Men dette er jo veldig hyggjeleg, då, seier han.

Sjølv om Venstre har gått litt tilbake på meiningsmålingane, har Folkestad god tru på at dei skal greia i alle fall eitt mandat.

– Men Venstre merkar nok regjeringsslitasjen og den store utskiftinga i lokale politikarar, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Johannessen ser likevel lyst på framtida for partiet.

– Vi gjorde det veldig sterkt i skulevalet og ikkje minst i Barnas valg, så det gjev grunn til optimisme, seier han.

Folkestad opplever at valkampen har vore god og at partiet internt er prega av stort engasjement.

– Men i kveld er vi nesten like spente på fordelinga mellom dei andre partia som vi er på vårt eige resultat, seier han.

anne-marie@osogfusa.no