Preben Kleppe puttar valseddelen i urna med litt hjelp frå valfunksjonær Thea Hove Hauge.
Preben Kleppe puttar valseddelen i urna med litt hjelp frå valfunksjonær Thea Hove Hauge.

Arbeidarpartiet vann skulevalet ved Os gymnas

Preben Kleppe (18) var blant dei 80,5 prosenta som stemte ved Os gymnas' skuleval der Arbeidarpartiet vart den store vinnaren.

Ei lita veke før valdagen 14. september er det skuleval på Os gymnas.

Katrine Grindeland og Ingvild Åserød utgjer det fyrste møtet med valurna for elevane som kjem i klassevise puljer.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi kryssar av namnelista og passar på at ingen får stemma to gonger, seier dei.

Strengt

Elevane i 3B har ti minutt på seg til å stemma i det vesle avlukket. Tolmodig står dei i kø og ventar på tå få koma inn i sjølve valrommet. Når ein gut gløymer seg og trakkar over den kvite streken på golvet, får han klar beskjed frå valfunksjonæren i neste rom.

- Ikkje over den kvite streken!

Katrine Grindeland (t.v.) og Ingvild Åserød kryssar av namn på klasselista.
Katrine Grindeland (t.v.) og Ingvild Åserød kryssar av namn på klasselista.

Opplegget er strengt og korrekt. Sjølv FNs valobservatørar hadde blitt imponert.

Ubretta

Tredjeklassing Preben Kleppe frå Hagavik vert stogga idet han prøver å legga ein bretta valseddel ned i urna.

- Nei, det går ikkje. Du må bretta han ut fyrst, seier valfunksjonær Thea Hove Hauge.

- Var det vanskeleg å bestemma seg?

- Ja, og eg er framleis usikker, seier Preben. Han kjem ikkje frå ein familie som har for vane å diskutera politikk rundt middagsbordet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men eg skal stemma om ei veke, altså, seier han.

Arbeidarpartiet:

61 stemmer 32,1 %

Venstre:

44 stemmer 23,2 %

Framstegspartiet:

28 stemmer 14,7 %

Høgre:

22 stemmer 11,6 %

Miljøpartiet dei grøne:

11 stemmer 5,8 %

Sosialistisk venstreparti:

10 stemmer 5,3 %

Senterpartiet:

5 stemmer 2,6 %

Kristeleg folkeparti:

3 stemmer 1,6 %

Raudt:

2 stemmer 1,1 %

Blanke stemmer:

4 stemmer 2,1 %

190 stemmer = 100 %

Valdeltaking: 80,5 % (190 av 236)