Sundvor: Ambulansen er framme ved oppdrettsanlegget der ulukka skjedde.

Mann i 30-åra flogen til Haukeland etter arbeidsulukke

Arbeidsulukka skjedde ved eit oppdrettsanlegg i Sundvor litt før klokka 10 i dag.

Like etter klokka 10 melde politiet på Twitter om ei arbeidsulukke ved eit oppdrettsanlegg i Sundvor.

Lensmann i Kvam, Samnanger, Fusa og Tysnes, Terje Sperrevik, stadfestar at ein person skal ha skada seg i ei hand, men at skadegraden er ukjend.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bergens Tidende har snakka med operasjonsleiar Stine Mjelde i politiet. Ho fortel at ulukka skal ha skjedd ute.

— Ein mann i 30-åra blir floge til Haukeland med luftambulansen.

Skaden skal ha skjedd i samband med avlusing av fisk. Politiet har starta med åstadsundersøking, og Arbeidstilsynet er varsla.