Årets julekalender - luke 19

I årets julekalender i Os og Fusaposten inviterer me lesarane våre til å bruka lokalkunnskapane sine.

Vinnar av gårsdagens runde var: Martin Bakke. Gratulerer! Premien kan hentast i lokala våre, i Øyro 31, eller me kan ordna sending. Berre send ein e-post om kva som høver best:)

Svaret på spørsmålet var: Hegglandsdalen skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvar adventsdag vil me leggja ut eitt bilete av ein plass i Os eller Fusa. Til kvart av bileta vil det høyra med eitt eller fleire spørsmål. Dei som svarar rett på spørsmåla er med i trekninga av eit Flax-lodd og ei is-skrape med Os og Fusaposten-logo.

I romjula vil me trekkja ut ein vinnar blant alle dagsvinnarane som får ei stor romjulskorg med mat og mykje godis.

Dagens spørsmål er: Å koma seg frå A til B er viktig. Kvar er dette, og kva heiter fylkesvegen som snirklar seg forbi på biletet?

Send svaret til post@osogfusa.no innan klokka 24.00.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no