Vert forlenga: Pausen i bruken av AstraZeneca-vaksine vert forlenga til 15. april.

AstraZeneca på vent til midten av april. Bjørnafjorden følgjer FHIs tilrådingar

Folkehelseinstituttet utset den endelege avgjerda om AstraZeneca-vaksinen til neste månad.

— Kva gjer Bjørnafjorden dersom FHI godkjenner vidare bruk av AstraZeneca-vaksinen?

Spørsmålet vart stilt av Laila Reiertsen (Frp) under torsdagens orientering om covid-19 i kommunestyremøtet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svaret frå kommunedirektør Christian Fotland var klart; Bjørnafjorden er prisgitt nasjonale føringar.

— Eg er ikkje kjend med at det kan opnast for lokale vurderingar, men det kan vi undersøka.

I dag, fredag, kom nyhenda om at FHI vel å forlenga pausen for AstraZeneca-vaksinen til 15. april. Det skriv nrk.no.

Dette skjer etter mistanke om ein samanheng mellom vaksinen og ein sjeldan kombinasjon av blodpropp, lavt tal blodplater og blødning. I Norge er fire personar døde og to personar får behandling på sjukehus for tilstanden.

Korona-stoda per no

Assisterande kommunedirektør Nils-Petter Borge melder om at det berre har vore to smittetilfelle i kommunen dei siste 14 dagane. Ingen tilfelle er melde siste veka.

— Det plasserer oss i smitterisikogruppe 1, som er den lågaste, seier Borge.

Han opplyser også at utbrot i geografisk nærleik, som bedehusutbrotet på Askøy/Øygarden så langt ikkje har spreidd seg til vår kommune.

— Eg vil skryta av smittesporingsteama våre som stiller opp både seint og tidleg for å koma raskt i gang med TISK (testing, isolasjon, smittesporing, karantene) når nokon vert meldt smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han nemner konkret utbrotet i Flåten naturbarnehage.

— Når det ikkje vart større, så handlar det om tidleg og god innsats.

Spørsmål og svar om korona

Asle Olsen (SV) ynskte meir openheit kring prioriteringsrekkefølgja for vaksinasjon av helsepersonell.

— I Bergen ligg ei slik liste på nettet, medan helsepersonell her opplever å ikkje ein gong få svar når dei kontaktar kommunen for å høyra når det blir deira tur.

Kommunedirektøren lova at den prioriterte lista er rett rundt hjørnet og vil bli offentleggjort.

— Vi følgjer retningslinene frå FHI. I februar fekk vi beskjed om at offentlege helsepersonell med direkte pasientkontakt skulle prioriterast før dei private.

Men i mars kom det kontramelding om at offentleg og privat helsepersonell med direkte pasientkontakt skal prioriterast likt.

— Vi har nettopp fått denne beskjeden og skal gå ut med korrigerte lister no. Når vi ikkje har gjort det tidlegare, handlar det om mykje usikkerheit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hurtigtesting av ungdom

Laila Reiertsen tok opp hurtigtesting av ungdom og viste til at fleire vidaregåande skular har teke dette i bruk.

— Vil kommunen ta initiativ til bruk av hurtigtestar ved kommunens ungdomsskular?

— Per no har vi ikkje brukt hurtigtestar systematisk, berre ved utbrot. Men eg tek innspelet med meg til kommunoverlegen, svara Borge.