Åtvarar må glatte vegar

Trafikantar bør køyra forsiktig og hugsa på at vegane kan vera glatte enkelte stader sjølv om det er plussgrader og regn i lufta, minnar vegvesenet om.

Vermeldinga syner omslag til mildver. Etter ein langvarig kuldeperiode kan dette bety vanskelege køyreforhold. I Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane er det frå fredag og inn i helga venta regn som utsette stader kan frysa på bakken.

- Mykje kulde er lagra i bakken, som gjer at nedbøren kan frysa enkelte stader når den når vegen, seier Tore Bergundhaugen på trafikksikkerheitsseksjonen i Statens vegvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det kan verta store lokale forskjellar, og det stadvis glatte føret kan vara heile helga.

Berundhagen fortel at når så mykje kulde er lagra i vegane, så har salt mindre effekt.

- Kjem det ein del regn i tillegg blir saltet vaska vekk. Då kan vegane igjen frysa til, forklarer han.

- Vår oppmoding til trafikantane er: Køyr forsiktig og hugs at det kan vera glatt sjølv om det er regn og plussgrader.