Hurtigtest: Den nye hurtigtesten som Helsedirektoratet har kjøpt inn, er god, men må brukast rett. Det finst minst éi fallgruve.

Åtvarar mot fallgruve ved heimetestane: - Om ein ikkje gjer dette rett, kan ein få misvisande svar

Ein enkel feil i heimetestinga kan føra til at ein trur ein har fått korona utan å ha det.

Virus- og forkjølingshausten er i full gang. Symptoma kan vera svært like dei ein har lært seg å vera på vakt for om ein fryktar å bli smitta av korona.

— Svekt smaks- og luktesans er noko ein også vil merka ved vanleg forkjøling. Er ein i stuss, kan ein difor ta ein hurtigtest, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det seier seg sjølv at ein bør lesa informasjonsskrivet som følgjer med hurtigtestane før ein nyttar dei. Ofte står det også at ein skal lesa nøye. Ikkje alle gjer det.

— Det er nokre enkle fallgruver. Å følgja tida for når ein skal lesa av resultatet, er svært viktig. Om ein ikkje gjer dette rett, kan ein få misvisande svar, seier Dale.

Ventar ein lenge nok, får ein positivt svar

Underteikna gjekk sjølv i baret før haustferien. Yngstejenta skulle på ferie til Sverige, men var sjuk. Før avreise tok ho ein hurtigtest. Han var negativ - ei lita stund.

— Det er viktig å lesa av svaret etter 15-30 minutt og ikkje etter det. Om ein ventar for lenge, vil ein uansett kunna få positivt utslag for korona. Slik er det også med graviditetstestar. Om ein ventar for lenge, vil ein alltid kunna tru at ein er gravid, fortel Dale.

— Kvifor er det slik?

— Det er den rosa-raude streken som skal indikera at ein er positiv. Om ein ikkje får utslag etter tilmålt tid, altså 15-30 min, skal ein ta det for endeleg svar og kasta testen. Om testen blir liggjande lenge, vil den rosa-raude fargen lekka og byrja å flyta ut. Om ein ikkje veit at testen er teken for lenge sidan, kan ein bli lurt, seier Dale.

— Men om ein verkeleg har korona, då kjem svaret rimeleg kjapt?

— Ja, då vil den rosa-raude fargen relativt raskt visa tydeleg i feltet for positiv test.

Artikkelen held fram under annonsen.