Mannen som ville inn og sjekka røykvarslaren hjå ekteparet i Os var i 20-åra og hadde på seg mørke klede, medan han bar eit emblem kring halsen.
Mannen som ville inn og sjekka røykvarslaren hjå ekteparet i Os var i 20-åra og hadde på seg mørke klede, medan han bar eit emblem kring halsen.

Åtvarar mot falske «brannmenn»

I slutten av desember fekk eit eldre ektepar besøk av ein mistenkeleg mann som ville sjekka røykvarslaren. Os brannvesen stadfestar at mannen ikkje kjem frå dei.

Ekteparet sleppte ikkje mannen inn i huset, men melde like etter frå til Os brannvesen. Dei kunne konstatera at dei ikkje hadde hatt brannmenn ute i felten for å sjekka brannvarslarar denne dagen.

– Det må presiserast at mannen ikkje kalla seg brannmann, men han var kledd i svarte klede og hadde eit slags emblem om halsen. Han hadde eit sterkt ønske om å få koma inn til ekteparet, men fekk altså ikkje lov til dette, fortel politiførstebetjent ved Os lensmannskontor, Rune Fimreite.

Artikkelen held fram under annonsen.

Liknande tilfelle i Bergen

Han oppfordrar no andre busette i Os til å melda frå om dei opplever liknande episodar.

– Me kan ikkje ta for sikkert at dette var ein person som hadde ureint mjøl i posen, men me har i alle høve ingen informasjon som tilseier at denne karen hadde noko å gjera i området, seier Fimreite.

Den siste tida er det meldt om liknande tilfelle i Fana og Bergen.

– Me ber om at folk melder frå til oss om dei opplever at folk som kjem på døra og vil inn, ikkje kan, eller vil legitimera seg, seier Fimreite.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no