Slik såg det ut på Bergegrend i Fusa etter at stormen Nina hadde rast frå seg i fjor vinter. (Arkiv
Slik såg det ut på Bergegrend i Fusa etter at stormen Nina hadde rast frå seg i fjor vinter. (Arkiv

Åtvarar mot potensiell orkan

Ifølgje yr.no kan farleg vêr treffa store delar av landet - frå Hordaland til Nordland - fredag og laurdag.

Prognosane til vêrtenesta viser at det kan koma til å blåsa sørvestleg orkan langs kysten av Noreg ved inngangen til helga. Kraftige vindkast med styrke opp mot 35-45 meter i sekundet er venta frå fredag ettermiddag.

- Det ser ut til å utvikla seg ein orkan som kan gi vind over store delar av landet, seier statsmeteorolog Geir Otter Fagerlid til yr.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinden kjem ifølgje Fagerlid og kollegaene, som no går ut med eit såkalla fase-A varsel for ein stor del av kystfylka, først i sør (fredag ettermiddag). Deretter flyttar vinden seg nordover (laurdag føremiddag).

- Det er viktig å involvera mange område, så snevrar vi heller inn når vi lager neste varsel. Mykje er framleis usikkert. Lågtrykket kan endra bane, seier statsmeteorologen og legg til:

- Hordaland er i randsona, men vi tek det med i tilfelle.

Orkan er den kraftigaste vinden på Beaufort sin vindskala. Vinden må ha ein middelstyrke på meir enn 32,6 meter i sekundet for å verta karakterisert som orkan. Stormar er vanlege langs store delar av norskekysten, særleg i vinterhalvåret. Men dei færraste av stormane kjem opp i orkan styrke.