Det er meldt sterk vind i kveld og i natt.
Det er meldt sterk vind i kveld og i natt.

Åtvarar mot sterk vind

Det kan bli kraftig vind i kveld og i natt. Os brann og redning går ut med åtvaring.

Det er meldt om kraftige vindkast frå nordvest i kveld og utover natta.

- Dei som ligg utsett til for denne vindretninga bør sikra lause gjenstandar og sjekka fortøyningar til båtar, oppmodar Os brann og redning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei opplyser samstundes at Ole Bulls veg blir stengt frå kl 1600 på nyttårsaftan.

Med meldingar om sterk vind er det også grunn til å vera ekstra merksam når ein skal skyta opp rakettar.